wear+deutz-fahr

Wear til HCP

Ein av Lantmännens fremste menn, Lars Kristian Wear, arbeider frå tysdag som marknadssjef på traktor hos konkurrenten HCP Norge. – Vi skal doble marknadsandelen, lovar han.

Publisert

Lars Kristian Wear er for mange kjent frå si tid som ansvarleg for Claas grasutstyr hos Lantmännen maskin, tidlegare LMB. Dei seinare åra har han også vore sterkt involvert i introduksjonen av Claas traktor. Wear er i bransjen sett på som ein dugande kar, med god greie på produkta, økonomisk innsikt, leiareigenskapar og ambisjonar.Ein av grunnane til jobbskiftet er at Lantmännen i løpet av året flyttar til Jessheim, mens Wear ynskjer å halde fram å bu i heimen nokre kilometer frå Drammen. Lars Kristian Wear feirar 40 år denne helga. " Blir sjef for Deutz-FahrWear startar i den nye jobben tysdag 1. april. Han blir marknadssjef for Deutz-Fahr, Lamborghini, Same og Hürlimann, altså traktorane frå SDF-gruppa. Desse har ein marknadsandel siste 12 månader på 4,2 prosent, mens Claas til samanlikning har 5,4 prosent. Tar vi med Zetor, har HCP Norge ein marknadsandel siste 12 månader på 6,3 prosent. Det plasserer selskapet på femteplass på lista over dei norske importørane. Med andre ord størst av dei små, og i omlag same stilling i marknaden som det LMB hadde i CaseIH-tida.

"

Vil doble på traktorWear har stor tru både på traktorane han skal til å selje, og på forhandlarnettet dei går gjennom.– Eg meiner HCP må kunne doble marknadsandelen på traktor. Strengt tatt har HCP eit vel så sterkt forhandlarnett som Lantmännen, der mykje er basert på direktesal gjennom eigne seljarar. HCP har ein politikk på at alt skal gå gjennom eit frittståande forhandlarnett. HCP skal ikkje selje direkte. Vi har mange sterke og gode forhandlarar kringom i landet, og desse har eit stort potensiale. Eg ser fram til å kunne vere med på å sveise desse saman til ein enda sterkare gjeng, og utvikle forhandlarnettet, seier Lars Kristian Wear.Claasmann til KroneselskapOm Wear er tilsett som traktormann, er det verd å merke seg at mannen som har vore fremst i Noreg på Claas grasutstyr, heretter skal arbeide hos selskapet som importerer erkerivalen Krone. For eit par år sidan skrytte Claas av at dei hadde klart å bli større enn Krone på grasutstyr i Tyskland. No er det eit stykke att før Krone er jamstore med Claas her i landet, men Wear poengterer at HCP alt no har gjort ein bra jobb på Krone.HCP vil styrke seg i NoregTilsetjinga av Wear er etter kva BG trur første steg i ei styrking av den norske HCP-avdelinga. Det danske selskapet overtok aktiviteten til Motokov her i landet for nokre år sidan, og dei fekk importen av Deutz-Fahr då Haugsveen og Fjeldstad gjekk konkurs kring årtusenskiftet.Den siste tida har det vore ei viss murring blant enkelte av forhandlarane, som ikkje har vore heilt nøgde med alt HCP har gjort og ikkje gjort. Bedre Gardsdrift var difor i kontakt med HCPs toppsjef i Danmark for nokre månader sidan. Han lova at selskapet arbeider med å styrke seg i Noreg, på fleire vis.– Eg kjem til eit selskap med god økonomi. HCP Norge står framfor eit lite generasjonsskifte, på same tid som det er prioritert å utvide staben og styrke organisasjonen. Selskapet ynskjer at det skal vere folk i Noreg som styrer med det som skjer her. Det kjem nok til å skje mykje interessant i HCP dei neste to-tre åra, lovar den nye traktorsjefen.Tilsett som kronprins? Sjef for HCP Norge, Vladimir Vondracek, tar til å nærme seg pensjonsalder. Bedre Gardsdrift har difor grunn til å tru at Lars Kristian Wear er tilsett som traktorsjef no, for å kunne gå over til å bli sjef for den norske HCP-avdelinga i løpet av eit par år.

Powered by Labrador CMS