mf 35 lastar 1958

Tilbake til grått

Mot slutten av året blir MF-kroppen grå. Altså vender ein farge ganske nær den originale tilbake.

Publisert

Det var for 50 år sidan, då selskapet tok i bruk namnet Massey-Ferguson, at traktorane fekk raudt panser frå Massey-Harris, og grå kropp frå Ferguson. I 1958 var det nærast oppsiktsvekkjande å bruke to fargar på traktoren. Etter kvart kom andre nyansar av grått, men den svarte fargen kom ikkje for fullt før produksjonen tok slutt med 4300-serien frå England, då den franskbygde 5400-serien vart lansert i 2003.

Då vart mange trufaste MF-folk skuffa. Særleg mekanikarane har mislikt den mørke kroppen, som krev svært mykje lys når den skal jobbast på.

No blir det atter lettare å sjå kva du driv med, og eventuelle oljeflekkar blir fort avslørt. Dessutan er dette nok ei markering av Massey Fergusons lange historie.Etter kva vi forstår er ikkje den nye gråfargen identisk med fargen på gråtassen, men dette vil vi i alle tilfelle finne ut i løpet av året. Om kroppen skiftar farge, kjem høgst truleg både grill og felgar til å behalde dagens svarte- og sølvfarga lakk.

Powered by Labrador CMS