plog kvl 4 skj vende

Prisar på leigekøyring

I Bedre Gardsdrift nr. 4 2008 står landets mest komplette liste over maskinleige og leigekøyring. Her får du tips om korleis lista kan brukast og lesast.

Publisert

Under følgjer nokre døme på korleis prisane i våre lister kan brukast. Har du spørsmål eller innspel til listene, er du velkomen til å ta kontakt.Kjem det fleire spørsmål av same slaget, legg vi ut svar her på sida.

Ludvig skal leige rundballepressing, inklusive pakking og slått, og vil sjekke kva som er typisk pris på slikt. Han vil ha åtte lag plast på ballane, for å vere på den sikre sida.Her står alt han treng direkte i listene. Middelprisen på pressing, pakking og slått er 135 kr pr. ball. I tillegg kjem kr 10 for to ekstra plastlag. Prisen kan variere frå 110 til 150 kroner, og i visse område enda meir. Om entreprenøren vel å bruke ei 2,8-meters slåmaskin, eller om han stiller med ni meter butterfly, verkar ikkje nemneverdig inn på prisen. Heller ikkje om han brukar kombipresse eller separat presse og pakkar.

Reodor skal pløye åkeren til kompisen Ben, som skal så reddik. Han har ein treskjærs teigplog. Denne står ikkje i lista for leigekøyring, fordi vi har for få kjelder på akkurat denne. Reodor har ein traktor på 70 hk, som passar fint til plogen. Reknestykket blir slik:Traktor 1,85 kr/hk x 70 hk = 129,50 krFørar = 210 krTeigplog 3 skjær x 30 kr/skjær = 90 krSum pr. time = 429,50 krHer er det brukt middelprisar. Legg han seg på minstepris eller maks-pris heile vegen, kan prisen variere frå 348 til 589 kroner pr time, og Reodor må sjølv vurdere kva pris som er mest rett i dette tilfellet.Alternativt kan Reodor bruke dekarprisen frå leigekøyringslista, men i og med at det her er snakk om ein ganske liten reddikåker, blir det nok mest rett å bruke timepris.

Emmanuel har klipt sau, men hamna i basketak med bonden etterpå, fordi bonden meinte prisen var for høg. Emmanuel meiner prisen er innanfor det akseptable, men finn ingenting å samanlikne med - heller ikkje i Bedre Gardsdrifts lister. Difor sender han ein epost til jogeir@vanebo.no med prisen han har tenkt å ta, med ei oppfordring om å få den prisen i lista til neste år. Han kunne også ringt 90 64 65 53.Solan har eit spenstig prosjekt han skal søke SMIL-midlar til. I kostnadsoverslaget tar han utgangspunkt i prisar frå Bedre Gardsdrifts lister, sjølv om han skal bruke eigen reiskap og eiga arbeidskraft.Jostein Kroksleiven skal leige ut ryggsprøyta til ein druedyrkar i nabogrenda, i ein dag. Timeprisen er 30 kroner. Kroksleiven reknar ein solotillegg på 10 prosent, og ein dag blir normalt rekna som åtte timar. Prisen blir då kr 30 + 10 % x 8 = kr 264 for ein dag.Han skal også leige ut Perma-skuffa han normalt spreier mink-gjødsel med. Denne står ikkje i lista, men han ser at avansert trepunktsreiskap ligg på kring 45 kroner, mens sandstrøar er kring 90 kroner. Då kan det passe å ta kring 70 kroner timen, konkluderer han.Heile prislista finn du i Bedre Gardsdrift nr. 4 2008. Har du ikkje bladet, kan du kjøpe det og laste ned herifrå. Abonnement på BG løner seg i lengda, og det bestiller du her.

"
Powered by Labrador CMS