Sauebonde Kristin Sørheim i Tingvoll på Nordmøre vurderer å slutte med dyrehald dersom flåttproblemet ikkje avtar. - Eg trur flåtten er ein trussel mot sauenæringa i heile kystnorge, seier ho til NRK. På det siste lammet ho undersøkte fann ho over hundre flått." ForskingForskningsrådet har starta eit fireårsprosjekt for å finne ei løysing på problemet. Lise Grøva i Bioforsk seier at mildare klima, gjengroing og store hjortebestandar bidreg til at flåtten spreier seg meir. - Når ein har gardar med over 30 prosent tap av lam er det ikkje forsvarleg å drive beiting, seier Grøva. Heile året Den rekordstore hjortestamma ber med seg store mengder flått. På Atløy i Sogn og Fjordane har det ikkje vore flått sidan 40-50-talet. I år er fleire hjortar overfylte av flått, og det er funne flått på både kattar og sauer. I Sunnfjord er det rapportert at folk er bitt i romjula. - Det er ikkje uvanleg med flått sjølv om vinteren, så lenge temperaturen er over fem grader. Det seier spesialist på flått ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, Reidar Mehl til NRK.