BGnotternyliten

Klar for julekalender!

Premiar: Tur for to til valfri traktorfabrikk. Gåvekort på landbruksutstyr for kr 5000. Stor premiepakke frå Bedre Gardsdrift. Pluss premie kvar dag. Dette blir ei triveleg førjulstid!

Publisert

Kjemperespons gir kjempepremie! Sist jul vart vi overvelda over dei mange svara og det store engasjementet på julekalenderen på gardsdrift.no.

Alt er betalt Vi svarer med tidenes premiepott i årets julekalender. Dei seks største traktorimportørane i landet; A-K maskiner, Eikmaskin, Felleskjøpet, HCP, Lantmännen Maskin og Lena Maskin, er med på å sponse fabrikktur til ein traktorfabrikk som førstepremie.

Du kan fritt velje mellom dei 12 viktigaste traktorfabrikkane i Europa. Turen er for to, og inkluderer reise frå din næraste flyplass, overnatting og mat. I tillegg får du 500 kroner til å kome deg heimefrå og til flyplassen. Verdien av premien er mellom 10 og 20 000 kroner. Alt du treng å tenkje på, er lommepengar, bagasje og pass. Turen blir gjennomført etter nærare avtale første halvår 2009.Er du under 18 år, må du reise i lag med ein vaksen, fortrinnsvis ein av foreldra dine.For å delta i trekninga må du ha minst 15 rette svar. Di fleire dagar du svarer, di større er sjansen for å vinne.

Gåvekort på kr 5000 Dei seks importørane i premielauget er også med på å sponse eit gåvekort på kr 5000, som du kan bruke hos ein fritt valt forhandlar knytt til ein av importørane. Dette er andrepremien vår. Om du kjøper batteridriven modelltraktor pluss nytt pipesett, hurtigkoplingsdeler eller girolje spelar ingen rolle.

Nyttig snop Som tredjepremie kan du vinne ein pakke med BG-artiklar, mellom anna to samlepermar, to refleksvestar og ei LED-lykt frå Bedre Gardsdrift. Lykta kan du kan lade i 12V-uttaket i traktoren eller bilen.

Premiar kvar dag I tillegg kan du kvar einaste dag vinne gåveartiklar frå Bedre Gardsdrift, eksempelvis krus eller caps.

24 rette? Hvis noen klarer 24 rette svar, klinker vi til med en ekstratrekning for disse.

Ver klar! Her er det altså ingen grunn til å nøle. Pass på at datamaskina er sterk og klar, sikre deg at nettilkoplinga er frisk og rask, og sørg for å besøke www.gardsdrift.no kvar dag i førjulstida. Spørsmåla ligg ute frå midnatt til midnatt, frå 1. til 24. desember.

Dagsvinnarane kårar vi på føremiddagen neste yrkedag. Hovudpremievinnarane blir kåra i romjula, og vi tar kontakt på telefon.

Meir info Vi kjem tilbake med meir informasjon om konkurransen, omtale av alle dei aktuelle fabrikkane og meir til, her på gardsdrift.no.

Powered by Labrador CMS