claas gras

Dansk markdag på gras med Claas

Med reiseopplegg frå heile landet, og fullt spekter av grasutstyr når du kjem fram, inviterer Lantmännen på Claas-tur til Danmark i månadsskiftet mai/juni.

Publisert

På det Lantmännen kallar Scandinavian Grass Camp blir det høve til å sjå og prøvekøyre på 2000 dekar, og spørje produktekspertar.Dette blir Skandinavias største fagdagar med demonstrasjon av grasutstyr, skryter Lantmännen Maskin.Her er altClaas stiller med full breidde i produktspekteret. Målet er at her skal vere ting å sjå og lære, same om du er på jakt etter ei enkel slåmaskin til 70-hestaren din, eller om du vil kjøpe Jaguar. Alle dei nye grasmaskinene som vart presentert til Agritechnica er på plass, i tillegg til meir velkjent utstyr. Lantmännen vurderer å tilby Claas lessevogner i Noreg, så her kan du sjå kva det er snakk om.FagseminarPå veg heimatt til Oslo og Larvik blir det fagseminar, både med Lantmännens eigne folk, og med fagfolk utafrå. Her spenner fagområda frå rundballeplast via finansiering og smørjemiddel til litt sjølvskryt om Claas.Gløymer ikkje traktoraneSjølv om det er grasmaskinene som er det vesentlege, blir det sjølvsagt også høve til å sjekke ut traktorane. All reiskapen er kopla til ymse utgåver av Claas sine traktorar.Forventar minst 300 norske bønderArrangementet går føre seg nær Hirtshals på Nord-Jylland frå 29. mai til 6. juni.Lantmänen Norge reknar med at minst 300 bønder frå heile landet blir med, og har reservert båt og hotell deretter.Eigenandelen på turen er frå kring 2500 til nesten 4000 kroner, avhengig av om du reiser frå Kristiansand, Larvik eller Oslo, og om du vil ha enkelt- eller dobbeltrom. Denne prisen dekker alt av transport, mat og overnatting frå du går ombord i båten til du er tilbake på norsk jord. Vil du vere med, bestiller du på nett via Lantmännens nettsider.

Powered by Labrador CMS