sisu ny nettside 08

Sisu med nye nettsider

Vi er inne i sesongen for oppgraderte heimesider. No har reiskapsleverandøren Sisu rydda og ordna, og gir deg enkel tilgang på alt frå produktinformasjon til instruksjonsbøker.

Publisert

Det viktigaste for Sisu er å få presentert produkta sine. Det gjer dei ved å bruke heile venstremenyen på dei ulike produktkategoriane, slik at du fort kjem til den reiskapen du vil sjå nærare på. Du får opplista det viktigaste av tekniske data, eit bilete, og ikkje minst pris. På enkelte reiskapar kan du også laste ned brosjyre.Kven - kva - korFrå toppmenyen kan du gå til informasjon om Sisu, finne kven som er forhandlar (sortert etter fylke), du finn kontaktskjema der også telefonnummer og epostadresse er nemnt, og du kan gå til ein enkel omtale med peikar vidare til Sisus leverandørar.Instruksjonsbøker og tilbodstorgFrå menyen til høgre kan du laste ned instruksjonsbøker, brosjyrer, prislister, produktkatalogar og dei ferskaste annonsane frå firmaet.Kjapt og enkelt Sisu si nye nettside er fri for fiksfakseri og store bilete. Det gjer at den er veldig rask å manøvrere i, og du skal ikkje leite lenge før du finn det du er på jakt etter.

Powered by Labrador CMS