cih multic 08 spionfoto h

Trinnlaus Puma

CaseIH kjem med trinnlaus Puma, ny multicontrollerspak og nytt armlene. Traktoren hadde snikpremiere som Steyr under årets pløye-VM i Austerrike, men vil offisielt først bli vist utpå seinhausten.

Publisert

Den offisielle informasjonen går ut på at CaseIH vil kome med trinnlause traktorar over 200 hk innan utgangen av året. Desse traktorane vil bli selde som CaseIH Puma CVX. For oss her heime vil dei første traktorane kome utpå våren 2009, ser det ut til.

Nytt armlene

Bedre Gardsdrift har bilete av armlenet og multicontrollerspaken. Sistnemnde ser ut til å gå i ei slisse, slik at den kan førast fram og tilbake. Vi vil tippe at den med det kan dyttast framover eller bakover for å regulere fart eller utveksling. På spaken er det knappar som den mest ihuga CaseIH-fansen kjenner att funksjonen til, men utforming og plassering er ny. Her er knappar for vendegiret, for trepunktsløft og for ein hydraulikkventil, og ein knapp for vendeteigsautomatikken. I tillegg er her knappar med hare og skjelpadde på, men om desse er til å endre utveksling, eller om dei er til å kalle fram lagra motorturtal eller utvekslingar, tør vi ikkje seie sikkert. Det nye er at spaken har eit dreiehjul til å regulere maksimal fart, slik mange kjenner det frå John Deeres trinnlause.

Vidare har armlenet innkopling av kraftuttak, og joystick med tredje- og fjerdefunksjon for hydraulikken. I tillegg er her tre fingerspakar for elektronisk regulerte hydraulikkuttak. Bak desse er eit felt med teikning av ein traktor. Der du finn funksjonen på traktoren, er det lagt inn ein knapp for slikt som firehjulstrekk og differensialsperre. Her skal også vere andre funksjonar, utan at vi kjenner detaljane. Bakom multicontrollerspaken er handgassen.

Armlenet vil truleg også bli tilgjengeleg i resten av CaseIHs traktorsortiment der armlenebetjening er naturleg, og med det får du framleis identisk betjening på traktorar med gir og trinnlause modellar.

Frå klokopling til platekløtsj

Eit særtrekk ved CNHs trinnlause transmisjon, er at dei fire umerkbare mekaniske trinna er kopla inn med klokopling. No vert dette endra til platekløtsj, slik det vert gjort hos konkurrentane. Det skal også vere andre endringar i transmisjonen, utan at våre kjelder har detaljane på det.

Fleire trinnlause kjem

Før 2010 er omme, vil CaseIH tilby trinnlause traktorar i området frå 95 til 380 hk. Dette betyr truleg at du får trinnlaus transmisjon i til dømes både store og små Puma, at det vil kome mindre trinnlause modellar, og at Magnum kan leverast som trinnlaus. Dette, og alt vi har omtalt over, kjem vi tilbake til, straks det finst meir info tilgjengeleg.

Powered by Labrador CMS