agrisjå a-k trimble david eik eivind brøndbo

Stor stemning i Stjørdal

Agrisjå 2008 er godt i gang. Torsdag morgon og kveld regna det, mens vêrmeldingane for helga er gode. Dermed ligg det til rette for godt besøk og bra messestemning. 

Publisert

Utstillarane melder om god respons, og det er alt seld mange maskiner. Torsdag er tydelegvis ein dag for dei verkeleg interesserte. Besøkstalet er ikkje så enormt, men dei frammøtte er engasjerte og ofte på jakt etter noko spesielt. Fleire har kommentert den positive innstillinga bøndene som besøkjer utstillinga har. Folk kjem ikkje for å sutre og klage, men fordi dei oppriktig er interesserte i det som vist fram.

Dagen starta vått, med ei solid regnbyge like før utstillinga opna. Kort tid etter stengetid kom ei reprise på same vêrtype, og seint på kvelden regna det godt i Stjørdal. Det betyr at det ikkje har noko meining å starte treskaren dei næraste dagane. Uheldig for drifta til mange av dei med stutt reiseveg, men veldig gunstig for besøkstalet. Men dette er ikkje ei rein trøndersk utstilling for folk i nærområdet. Det er meldt om folk frå dei nordlegaste fylka, frå Austlandet, og frå ganske så langt sørover på Vestlandet. Det er ikkje uventa, i og med at Agrisjå er den einaste store, reine landbruksutstillinga i år. Det må nemnast at Yr melder pent vêr og ingen nedbør fredag, laurdag og søndag. Den vêrmeldinga finn du her. " Bedre Gardsdrift er naturleg nok på plass med sterkt mannskap og eigen stand. Om du er i nærområdet, er du hjarteleg velkomen innom oss i messeteltet, for ein liten prat eller for å få eit godt tilbod på bladet om du ikkje abonnerer frå før. Om du har tips til ting vi bør skrive om, eller andre innspel til oss, har du sjansen til å seie ifrå direkte no. Bedre Gardsdrift kjem tilbake med meir stoff frå utstillinga i komande nummer. Mellom anna fleire Norgespremierer, og attpå alt nokre nyttige verdspremierer.

Powered by Labrador CMS