tks appetittfôrvogn

Populære nyheiter

Det enkle er ofte det beste. Her er tre av dei mest populære nyheitene frå årets Agrisjå: Presenning på rull for tilhengar, forlengar for pallegaffel og ei totalt fornya appetittfôrvogn. 

Publisert

Felleskjøpet har med ein Tume tilhengar med svært så enkel presenning. Den har eit stålrør med sveiv i begge endar langs kvar langside på hengaren, der den kviler i enkle krokar. Framme og bak kviler den på ein avrunda toppgavl, og den er sikra med stropper. Funksjonen seier seg sjølv: Enkel å rulle ut, enkel å rulle inn, lett å feste, lett å få med seg.

Dalen kjem med eit produkt som langt frå er nytt, men poenget er at no kan du kjøpe det ferdig, i staden for å gå å tenkje på at du skal lage det. Den lure løysinga er rett og slett ein gaffelforlengar til pallegaffelen, spesiallaga for Dalen pallegaffel og konstruert i høgfast stål, godkjent for 250 kg på tuppen, på enden av dei to meter lange gaflane. Felles for begge desse er ein pris på under 4000 kroner, og begge har fått langt større respons enn leverandørane hadde venta seg. Fordi det er fantastisk enkle nyttegjenstandar, vil vi tippe.

Innkjøpskostnaden er ein heilt annan, men prisen pr. dag er faktisk berre kring 55 kroner dagen pluss renter, anslår ein av dei entusiastiske seljarane ved TKS si nye appetittfôrvogn. Den er totalt omgjort frå førre modell. No er der eit horisontalt rør oppe og eitt nede, og det er omlag alt som er att av den gamle. Største endringa for kyrne er at det no er loddrette eteopningar, som gir betre komfort for kua. Desse skråar innover i vogna nede. Mellom nedkant av eteopningane og det nedre røret er det som ei krubbe som tar opp spill. Konstruksjonen hindar spill både på fôrbrett og ikkje minst i bås.For deg som bonde er det også viktig at kraftfôrautomaten no er integrert i hovudramma, og vedlikehald og ettersyn av skruar og motorar for kraftfôret er svært enkelt. Vogna har fått den nye peikeskjermen frå TKS til betjening. Heretter legg du inn når vogna skal stå, ikkje når den skal gå. Responsen på den nye appetittfôrvogna har vore over all forventning, og viser tydeleg at mange bønder har god satsingsvilje. Vi kjem tilbake med meir om både desse og ei lang rad andre produkt i Bedre Gardsdrift nr 7 2008, og også her på gardsdrift.no.

Powered by Labrador CMS