altinn

Kritikk mot Altinn

Bedre Gardsdrift har ytra seg kritisk om Altinn, og skrive at dette slett ikkje gir enklare dialog med det offentlege. No har også NRK tatt tak i problemstillinga. 

Publisert

Bonde Sverre Harald Roppen uttaler til NRK Møre og Romsdal at Altinn er unødvendig byråkratisk og vanskeleg.– Du vert så missmodig når du kjempar med det ei stund at du gir opp, seier han til journalist Ingunn Viken i NRK. Viken kontakta Bedre Gardsdrift, som kan stadfeste Roppens utsegner, ut frå tilbakemeldingar frå lesarane våre. Dette er toppsaka i NRK Møre og Romsdals morgonsendingar 7. august. Du kan høyre innslaget her. " – Boikott Altinn!I BG 6 2005 oppmoda vi kort og godt til å boikotte Altinn, då i samband med levering av rekneskap og momsoppgåver. – Ikkje ver frivilleg forsøkskanin for Staten. Lever sjølvmelding og næringsoppgåver på gamlemåten, med underskrivne papir i ein konvolutt. Dessutan har vi ei instendig bøn til bondeorganisasjonane, om at dei sikrar at landbruket også i framtida får lov til å levere på den trygge måten, skreiv vi den gongen.Leiarartikkelen startar med desse orda: – "Enklere rapportering til det offentlige" skriv Altinn om seg sjølv på sine nettsider. Det er godt å få det fortalt, for denne konklusjonen er tvert imot det mange opplever som Skatteetatens variant av Gamle-Eiriks virkeplass. Vil du lese heile artikkelen, finn du den her. " Alvorlege feil i skatt og rekneskapOgså i 2004, i leiarartikkelen i Bedre Gardsdrift nummer ni, konstaterte vi at mellom anna innføringa av Altinn var gjennomført på ugrei måte. – Mange var dei som meinte at innføringa av det elektroniske leveringssystemet Altinn gjekk over stokk og stein, og at det kom minst eitt år for tidleg, står det mellom anna i artikkelen. Den finn du her. " Elektronisk prøvekaninI 2007 konstaterte vi at mellom kvar andre og kvar tredje av dei som i 2006 søkte produksjonstilskot elektronisk, gjekk tilbake til papirlevering i 2007. Det bør få alarmklokkene til å ringe, meinte vi, og konkluderte med dette. – Det vert kravd at dagens bønder skal vere rasjonelle og effektive. Kan hende er det akkurat det vi no ser: Fire av fem bønder meiner at papirskjemaet er raskaste, tryggaste og enklaste metoden for å søke produksjonstilskot. Skal det gjerast elektronisk, må SLF kome opp med noko som er betre. Heile kommentaren kan du lese her. " Kunne vore braVi meiner absolutt at ideen med elektronisk levering av søknader, rekneskap og så vidare kan vere god. Her kan det, om ting blir gjort på rett måte, bli enkelt og greitt å oppdatere, endre og få ferdig utfylte opplysningar til ei kvar tid. Sånn er det ikkje no. Krev for mykje av brukarenEnklare for Staten, ja. Men for alle som ikkje meir eller mindre til dagleg arbeider med Altinn, er det som Roppen seier unødig vanskeleg. Brukarterskelen er alt for høg, det er vanskeleg å finne fram, det er for lett å gå feil. Sjølv for middels datakyndige kan det vere vanskeleg å forstå kor du skal og korleis ting skal gjerast. Ikkje sløs med tida diDette fører til at mange brukar meir tid på å levere eit skjema elektronisk, enn på å fylle ut same skjema på papir, lime frimerke på konvolutten og putte i postkassen. Hugs at tida di ha ein verdi. Om noko går gale under leveringa til Altinn, og det er det mange som har erfart, går tida veldig fort. Då er nokre myntar i kostnad til frimerke ganske billeg, og du kan føle deg trygg på at det du har levert ser ut slik det gjorde då du signerte. Gjer det du føler deg tryggast på Heldigvis er Altinn blitt betre etter 2005, så grunnlaget for å boikotte systemet er ikkje like sterkt no som då. Men framleis er det ingen spesielt gode grunnar til å levere elektronisk. Vår påstand er at det framleis både er tryggare og enklare for deg å levere på papir. Sjølv om vi håpar at Altinn ein dag får ideane sine omgjort til eit system vi har nytte av, slik at elektronisk rapportering faktisk kan vere eit alternativ.

Powered by Labrador CMS