debatt gno

Folkeskikk, takk

Mange av våre trufaste gjester på debattforumet etterlyser det, og vi ser at det er på tide å minne om det: Folkeskikk er fint.

Publisert

Vi vil ikkje framstå som sure og gretne. Det er vi heller ikkje. Tvert imot er vi stolte over å ha så mange aktive, dyktige og ikkje minst engasjerte lesarar, og for at debattforumet vårt er ein plass der du kan få svar på det aller meste av landbruksfaglege spørsmål.Slik skal det vere også i framtida. Difor er vi ikkje heilt nøgde med innlegg av typen "unskyld å sei det, men du høyres ut som ein soss som trur du kan få alt som du vil!!!" - berre for å ta eit heilt tilfeldig valt døme frå siste veke.Vi passar faktisk på Jamt over er her ein veldig god indre justis, og for det meste er her fornuftige og oppegåande folk som skriv gode innlegg. Sånn skal det vere. Vi har heller ikkje så veldig strenge reglar for kva som er lov og ikkje, men også vi reagerer. Seinast denne veka sende vi åtvaring til ein skribent som var langt på sida av kva tråden handla om, og som presenterte synet sitt på meir enn ugreitt vis. Innlegget er sletta, og det er gitt melding om at dersom dette gjentar seg, blir IP-adressa sperra frå å kunne legge inn nye innlegg.Kan bli utestengtBlir det for ille, har vi nemleg høve til å sperre IP-adresser frå å vere med i debatten. Ei IP-adresse viser kva datamaskin innlegget er sendt frå. Då risikerer du at resten av familien også er hindra frå å delta i debatten, eller kan hende risikerer du at eit tulleinnlegg frå deg fører til at maskiner på datarommet på skulen din blir nekta tilgang til å skrive innlegg på debattsidene. Det hjelper nemleg lite med fiktive epostadresser. Det fører einast til at vi ikkje får varsla deg, om vi er i ferd med å reagere.Lov å vere anonymVi har ingen krav til registrering for å delta på debattforumet. Ein grunn til det, er at vi ynskjer at terskelen for å delta skal vere så låg at til og med folk med svært lite datakunnskap skal kunne delta. Samstundes stiller det krav til alle som er med, om at debattforumet ikkje blir misbrukt til tull og tøys.I alle høve er det lov å delta anonymt, og du kan velje at epostadressa di ikkje syner for dei andre i forumet. Det beste er likevel om du opererer med tilgjengeleg adresse, for det gir innlegga dine større truverde.Nokre tipsHer følgjer nokre hint om korleis vi brukar debattforumet. Dette er altså ikkje bastante reglar, men døme på ting det er lurt å legge seg på minnet, når du skriv debattinnlegg.- Hald deg til emnet som blir diskutert. Vil du diskutere noko som er på sida av emnet, opprett ein eigen tråd, eller sjekk om nokon har diskutert dette før og fortsett der.- Det er lov å vere ueinig, men ikkje akseptert å rakke ned på andre personar - punktum.- Som skriftspråk godtar vi sjølvsagt alle former for norsk. Normert nynorsk eller bokmål er fine greier, men dette er ikkje eit forum der rettskrivinga skal vere avgjerande for deltakinga. Er du ordblind, eller var du av dei med mange raude strekar i stilboka på ungdomsskulen, er du likevel hjarteleg velkomen til å skrive her. Merk dykk det, alle saman! Likevel oppmodar vi til at du prøver å føre eit språk som er lett å lese. For dei fleste av oss blir teksten betre om vi les det vi har skrive for oss sjølve, før vi publiserer det. Til og med erfarne journalistar gjer det. Vi seier ikkje nei til dialekt, men ber om at du er grei med dei som skal lese det du skriv. Forresten blir også svensk, dansk og engelsk godtatt, om vi har gjester frå utlandet.Gi oss melding!Kjem det innlegg som ikkje har noko her å gjere, set vi pris på å få melding om det. Lengst nede på alle våre sider står adressa til webmaster, eller du kan sende ei melding til ein av oss i redaksjonen, ved å klikke på "kontakt" øvst oppe på alle våre sider. La den gode debatten gå vidareVi har fått mange tilbakemeldingar frå folk som har funne mykje god og nyttig kunnskap på debattsidene. Innlegg her er brukt som grunnlag for investeringar, eller for å late vere å investere. Folk har lufta viktige emne om forholdet mellom menneske, og dei traktorkåte har funne likesinna å dele lidenskapen sin med.Dette må få halde fram. Og betre skal det bli...

Powered by Labrador CMS