zetor proxima power_100

Zetor med kløtsjfritt vendegir

Zetor har lenge vore rimeleg med heilt OK spesifikasjonar, med eitt unntak: Mange har sakna kløtsjfritt vendegir. No er det på plass, saman med knappekløtsj og tretrinns hurtiggir.

Publisert

Nye Proxima Power er ein utstyrsvariant av Zetors populære Proxima-serie. Desse traktorane var Norges niande mest selde traktorserie i 2007.Kløtsjfritt vendegirStørste saknet til mange Zetor-fans har vore nettopp kløtsjfritt vendegir. No er det der, sånn det skal vere: Ein hendig spak til venstre under rattet.I same slengen har Zetor lagt til ein knapp på hovudgirspaken, slik at du får knappekløtsj.Tretrinns hurtiggirTraktoren frå Skoda-landet aukar også talet hurtiggir frå to til tre. Transmisjonen består frå før av ein kasse med 2 gruppegir og 4 hovudgir. Kassen er ei justert utgåve av den som står i Proxima Plus, med litt anna arrangement av kløtsjane, og litt større byggelengde. Det gir også større akslingavstand.Traktorar med tretrinns hurtiggir i denne effektklassen er sjeldan vare. McCormick, Landini, Lamborghini og John Deere kan tilby slikt, noko du ser om du sjekkar traktoroversikten vår.

Kjem til 2009Proxima Power er til no berre vist på utstilling. Truleg kjem den i same modellane som Proxima Plus altså tre modellar frå 82 til 101 hk.Den er venta å kome kring årsskiftet, så våronna 2009 blir første høve til å køyre "rau å blank Zetor me læssapparat" - utan å kløtsje.

Powered by Labrador CMS