New Holland NH T4050 T4000 -08 studio

New Holland T4000

TN-serien frå New Holland skiftar namn. Dei to minste får ein ny firesylindra motor, og alle får intercooler og knappekløtsj.

Publisert

Vi snakkar altså ikkje om den heilt store revolusjonen på New Hollands minste serie landbrukstraktorar.Fire modellarSerien består av fire modellar, med denne effekten etter ISO 14396:- T4020, 65 hk- T4030, 78 hk- T4040, 86 hk- T4050, 97 hkNy motorDei to største held fram som i dag med New Hollands velkjente 4,5-liters firar, med turbo og intercooler på begge.Dei to minste får ein ny 3,2-liters Ivecomotor med fire sylindrar. Denne motoren skal vere omlag like kort som den tresylindra motoren som står i dagens TN 75.Alle får også nye radiatorar, og Donaldson syklonluftfilteret som vi kjenner frå større traktorar.Kjent transmisjon med knappekløtsjGirkassen er uendra. Her er det altså snakk om ein kasse med fire trinn og tre eller fire grupper, eventuelt supplert med totrinns hurtiggir når du køyrer framover. På traktorar med kløtsjfritt vendegir kjem ein meir ergonomisk spak, og du får knappekløtsj på hovudgirspaken.

HyttaInni førarhytta er fargane lysare, og du legg fort merke til eit nytt instrumentpanel med analog turteljar og elles digitale instrument.Den største modellen, T4050, kan leverast med supersving. Det kunne ikkje forgjengaren.T5000Det går også rykte om to nye seriar som heiter TD5000 og T5000 på nettet. Desse traktorane er meir enn rykte. TD5000 er den nye versjonen av TDD, altså den rimelege serien i underkant av 100 hk. T5000 er ein fornya versjon av storseljaren TLA. Ingen av desse er klar før sommaren. Bedre Gardsdrift kjem tilbake med meir når tida er inne.Raude utgåver T4000 finst også som CaseIH. I denne klassen har vi grunn til å tru at A-K vel å fokusere på New Holland, men dei leverer sjølvsagt den raude om du ber om det. Begge variantane er bygde på same fabrikken.

Powered by Labrador CMS