gt getting there
gt getting there

God ide, vanskeleg å få napp

Utviklinga av den norske GT-traktoren held fram, sjølv om prosjektet strevar med å få gjennomslag hos hjelpeorganisasjonane. Bruk i u-land er nemleg eit av viktigaste satsingsområda.

Publisert

I område av verda der det er viktig å kunne ta seg fram utanfor veg med naudhjelp, er det mange plassar den gamle militærlastebilen M6 som blir brukt, i tillegg til Unimog.Ei av eldsjelene bak GT, Svein Lie Lie, meiner at traktoren er i ein klasse for seg sjølv i konkurranse med desse. Utfordringa er berre å få hjelpeorganisasjonane til å forstå verdien av dette.Unik forhold mellom vekt og nyttelastLie illustrerer med desse faktaopplysningane:M6 har eigenvekt på seks tonnUnimog har eigenvekt på fem tonnGT har eigenvekt på under to tonnAlle tre kan laste 2,5 tonn i terreng.Med andre ord utgjer nyttelasta 29 prosent av totalvekta på M6. På Unimog er nyttelasta 33 prosent, mend på GT er nyttelasta 56 prosent av totalvekta.– Med fullt lass veg GT mindre enn begge dei to andre veg utan lass. Dette vil sjølvsagt påvirke evna til å ta seg fram, seier Lie.

Krev mindre motor og mindre drivstoffDesse vektene fører naturleg nok også til at GT har langt mindre behov for motorkraft, i og med at motoren berre skal trekke fram 4,5 tonn når lasset er fullt, mot 8,5 tonn på ein M6. Følgjeleg blir behovet for drivstoff redusert mykje.Du kan velje drivstoffMed GTs enkle byggemåte, kan du sjølv velje kva motor som skal stå der. Utviklarane har særleg tru på en motor frå Deutz. Denne er luftkjølt, og er blitt ombygd slik at den kan gå på rein planteolje, gjerne produsert av ei lita oljefrøpresse GT-gjengen har laga.Kompakt frakt GT kan leverast i byggesett. Standard ramme er under fire meter lang. Dermed er det mogeleg å pakke heile 16 komplette køyrety i to 20-fots containerar. To personar treng nokre få timar på å montere eit køyretøy klart til bruk.

Powered by Labrador CMS