debatt gno

Dobbelt engasjement i debatten

Vi har skrytt før, og vi klarer ikkje å la vere: Kjempeinnsats på debattsidene på gardsdrift.no! I snitt har vi nær 30 nye innlegg kvar einaste dag i år. Det er dobbelt så bra som i fjor.

Publisert

Til no i år er det lagt inn omlag 1000 nye innlegg kvar månad. Desse kjem i tillegg til dei 5600 innlegga som vart lagt inn i fjor. 2007 var det første året med debattsider på gardsdrift.no. Dette er tydeleg eit tilbod norske bønder og maskininteresserte set pris på. " Fag og moro Engasjementet er tidvis overveldande, særleg i traktordebattane. Her blir folk utfordra til å stille opp i dei reinaste motbakkeløpa med traktorane sine. Debattemperaturen er tidvis såpass høg at kjøleviftene nok jobbar tungt.I andre trådar går det langt mildare for seg, utan at kvaliteten på debatten treng å vere dårlegare av den grunn. Faglege spørsmål av alle slag får i dei aller fleste tilfelle gode svar. Her vert det drøfta alt frå plassering av kårhus ved generasjonsskifte til pløying med breie lågtrykksdekk.Bedre Gardsdrifts ekspertpanelPå gardsdrift.no er det lesarane sjølve som er ekspertar, som svarer kvarandre. Mange norske bønder er svært dyktige. Gjennom debattforumet her på gardsdrift.no er det fritt fram for å utveksle kunnskap.Når eitt svar er nok I mange tilfelle er det ikkje talet på svar som er det viktigaste, men at det kjem svar. Eit døme på det er ein kar som starta jakta på ei grøfterensmaskin ved å ringe redaksjonen i Bedre Gardsdrift. For mange år sidan les han nemleg ein notis om ein slik reiskap. I BG-redaksjonen bladde vi i gamle årgangar, diskuterte med kvarandre, spurde folk vi kjenner i bransjen, og ingenting passa. Også andre landbrukstidsskrift fekk spørsmål, og anleggblad og firma. Ingen fann svaret.

– Prøv diskusjonsforumet vårt, tipsa vi.– Jammen eg likar ikkje å skrive, hevda bonden.– Prøv likevel. Hos oss er det lov med skrivefeil. Høgt under taket og låg terskel, det er mottoet, sa vi. Han prøvde.

Fire svar, det er resultatet. Lesaren vår er kjempefornøgd. Han fekk treff med ein gong frå nokon som visste, rett i blinken, og no er han kan hende sikra mykje godt arbeid med ein reiskap ingen av landbruks- eller anleggsbladredaksjonane i landet klarte å spore opp.

Powered by Labrador CMS