Maskinleige

Mange faktorar spelar inn på prisen på maskinleige. Sunn fornuft er den viktigaste.

Publisert

Her viser vi dømet belteopptakar for potet. Denne passar på nær sagt kva som helst slags nummer to-traktor, så den leiger du utan traktor og førar.I prislista er middelprisen oppgitt til kr 50 pr. time.

Ofte er det normalt med eit tillegg for reiskap som blir leigd utan traktor/førar. Grunnen er enkel: Når ein annan enn eigaren brukar reiskapen, er det større risiko for at noko går gale. Tillegget varierer frå null til 40 prosent. Dels er variasjonane distriktsvise, dels heng det saman med kor komplisert reiskapen er.

Belteopptakaren er ei enkel maskin. Vi legg på 15 prosent, som også står i kolonnen for middelpris. Det fører til kr 7,50 i tillegg.Ein belteopptakar er lite aktuell å leige time for time. Den har heller ingen timeteljar. Ved dagleige er det vanleg å rekne ein dag som åtte timar. Det gir reknestykket 57,50 x 8 = 460 kroner.

Du har anna arbeid på dagtid, så potetopptakinga skjer etter arbeidstid og utover kvelden. Du tykkjer at utleigar er ein triveleg person, og foreslår at du får ha belteopptakaren to dagar for kr 500. Det er ei grei ordning alle er nøgde med.

Momsen kjem i tillegg her, som på alle andre prisar i lista vår. I avtalen, basert på eit skjema utskrive herifrå, kryssar du dessutan av på at du gjer rein reiskapen etter bruk.Les også- tilbake til artikkel om prissetting" - døme på pris på pløying - døme på pris på pressing og pakking

"
Powered by Labrador CMS