Leigekøyring - pris på pløying

Det finst mange vegar til prisen på pløying.

Publisert

Alt i utgangspunktet har du to val: Dekarpris eller timepris. Vel du pris pr. dekar, spelar det ingen rolle kor stor eller liten traktor og plog du har. Ver klar over det store spennet i prisar: Frå 50 til 120 kr pr. daa, med kr 60 som middelpris. Den gjeld i dei tunge jordbruksområda, slik som Jæren, Austlandet og Trøndelag. Dei høgaste dekarprisane på pløying finn vi grasdistrikt der avstanden mellom gardane er stor, og teigane små. Det er naturleg å ta høgare prisar her.Timeprisen varierer frå 460 til 800 kroner, med kr 600 som middelpris. Her snakkar vi om fireskjærs vendeplog.Har du ein plog med fleire eller færre skjær, er det ikkje så enkelt som å ta prisen og dele på fire og gange med talet skjær på din plog. I denne prisen er også føraren medrekna, og vedkomande bør ha lik betaling same kor stor plogen er.I slike tilfelle kan det vere lurt å gløtte på lista over maskinleige, for å justere for storleik på plog og traktor.Køyrer du med treskjærs vendeplog, kan dette reknestykket vere eit utgangspunkt: Middelpris pr. time, fireskjærs vendeplog: kr 600 (frå lista over leigekøyring) Fråtrekk for eitt skjær mindre: kr 50 Fråtrekk for 20 hk mindre (1,80 x 20) = kr 36Då kjem vi til kr 514Vi kan også rekne andre vegen, og hente alle prisane frå lista over maskinleige: Førar kr 185 Traktor, 90 hk ( x 1,80 kr/hk) = kr 162 Plog 3 skjær x kr 50/skjær = kr 150Her blir summen kr 497Kva er då rette prisen? Reknestykka, som er basert på middelprisar, tilseier at ein plass kring kr 500 for traktor, førar og treskjærs plog er passeleg. Men det er heller ikkje feil å ta kr 400 pr. time, eller kr 700. Dette er det du og den du handlar med som må bestemme.Les også- tilbake til artikkel om prissetting" - døme på pris på pressing og pakking - døme på pris på maskinleige

"
Powered by Labrador CMS