Vill vekst i Telemark

Frå å vere tredje minst i landet, har Telemark klatra opp på 13.-plass med ein vekst ingen andre kan måle seg mot. New Holland held stand i teten.

Publisert

Åtte traktormerke har delt veksten mellom seg. Kvart av desse har auka med sju til ti traktorar, og dei åtte deler plassane ein til åtte mellom seg.New Holland er i særklasse i Telemark. I 2005 hadde merket 43 prosent av marknaden. Sjølv om marknadsandelen fell til 31 prosent i 2006, har New Holland likevel framgang i tal traktorar på nivå med dei andre merka. Og ingen kan på noko vis truge tabelleinaren.John Deere på andreplass er under halvparten så stor som Rønning Maskins blå bulldosarbataljon.Derimot er også her MF oppe i nakken på John Deere, men heller ikkje MF skal føle seg trygge. Mens avstanden mellom MF og JD er seks traktorar, er det berre to mellom den raude og Zetor/Valtra, som kjem side om side på fjerdeplass.Vi merkar oss at også CaseIH har framgang i Telemark. Det gir A-K ein marknadsandel på 38 prosent. Nærast bak, om vi sorterer etter importørane, er HCP med 18 prosent. Det er mykje over kva HCP er vant med i landet, men så er da også Telemark eit godt, gammalt Motokovdistrikt. Tredje størst er Lantmännen, hårfint framom FK og med brukbar margin til Eik, som her må ta til takke med å vere femte største traktorleverandøren.Les meir om traktorregistreringane her:- Sørlandet" - Vestfold"- Buskerud" - Aust-Agder"- Vest-Agder

"
Powered by Labrador CMS