Vestfold: Stabilt i toppen, god vekst totalt

MF doblar, men elles er det ikkje store endringar på dei fire store merka i Vestfold. For fylket er det ein fin framgang på 28,5 prosent.

Publisert

I 2005 delte John Deere og Valtra førsteplassen i Vestfold. I 2006 auka Valtra med to, mens Deere tapte tre. Stor dramatikk er det likevel ikkje snakk om.Stor stemning er det derimot hos Eik. MF har meir enn dobla, klatrar to plassar, og er no to traktorar bak John Deere. Berre Claas har auka med fleire traktorar enn MF, men hos Claas var utgangspunktet null. Dette er nok til femteplassen, like bak New Holland. Også her er det ein liten auke, pluss to.Fendt er den tredje med god framgang, frå tre til 11. CaseIH er det verre med, halvert frå 19 til 9. I Torp Maskins heimfylke ligg Landini inne på topp ti, på ein åttandeplass delt med Zetor. På tiandeplass er McCormick, etter ein fin framgang.Vestfold er ikkje av gigantane på tal traktorar. Fylket er nummer 14 i landet, godt under gjennomsnittet, men framom Oslo, Agderfylka og dei to lengst nord. Med ein framgang på 39 traktorar enda totalen på 176 nyregistrerte, ein framgang på heile 28,5 prosent frå 2005.Les meir om traktorregistreringane her:- Sørlandet" - Buskerud" - Telemark" - Aust-Agder- Vest-Agder

"
Powered by Labrador CMS