jd 6030 premiere røyk

Verdenspremiere!

John Deere har noko nytt på veg, og første gongen dette blir presentert på publikum er av alle plassar på Hønefoss, førstkomande laurdag. Nyheita vil bli populær.

Publisert

Veddemål om kva dette kan vere, har ikkje akkurat gitt høge odds. Difor blir du neppe spesielt overraska, når vi seier at etterkomaren til 6020 SE no er avduka for det norske salskorpset i Felleskjøpet, til stor begeistring.6030 og 6030 Premium Først kan vi nemne at bokstavane SE blir borte, mens dagens 6030 strengt tatt har hatt namnet 6030 Premium heilt frå den vart lansert i fjor haust.Målet er at 6030 skal vere ein enkel og prisgunstig traktor, utan å bli alt for ribba. Største innsparinga er gjort på motoren. Den er ein Tier IIIa-godkjent toventilert common rail på 4,5 og 6,8 liter, alt etter om vi snakkar om fire eller seks sylindrar. Til skilnad frå dei større, er her ikkje variabel turbogeometri og utvendig eksosresirkulering, og det er ikkje programmert inn ekstraeffekt i motorstyringa.Går høgare Serien går no frå 6130 og opp til 6930, på 83 til 155 hk. Tidlegare har ikkje den rimelege versjonen gått så høgt i effekt.Hytta er velkjent for Deere-folket. Det første du legg merke til, er ein vendegirspak som på 5020. Instrumentpanelet er også ganske likt veslebroren sitt. Varmeapparatet er flytta ned, til stor glede for kaldføtte norske bønder.Kjent giring Transmisjonen er den velkjente med firetrinns hurtiggir. Det vekslar du med to knappar på girspaken, eller du kan bruke vippebrytaren framom trepunktsløftet. Du har valet mellom fire og seks gruppegir.Hydraulikken har ei lastkjennande tannhjulspumpe, som gir olje til inntil tre mekanisk regulerte dobbeltvirkande ventilar bak.Vi veit meir Også ei rekkje andre detaljar er gjort om.Traktoren blir offisielt presentert av fabrikken i Mannheim om kort tid, og Bedre Gardsdrift er naturleg nok også på plass der. Vi kjem tilbake med meir i bladutgåva av Bedre Gardsdrift, og her på nettsida.Gjennom begge kanalane får du også meir frå Felleskjøpets produktdagar på Hønefoss, der stort og smått blir presentert for alle som vil kome og sjå laurdag 13. oktober.

Powered by Labrador CMS