reg-stat-ill

Valtra i siget

Det er heite dagar i traktorbransjen. Også april er betre enn fjoråret. Dei to Lantmännen-merka kjem i full fart, mens CaseIH og McCormick ikkje heng heilt med.

Publisert

Det er dei to samvirkebedriftene som har tatt leiinga i år. John Deere held stand på førsteplass. Marknadsandelen er 3,3 prosentpoeng svakare enn på same tid i fjor, mens talet traktorar er omlag likt. Det skuldast at totalmarknaden er fram heile 11 prosent, som vel kan seiast er oppsiktsvekkjande mykje. I alle fall klarer ikkje det norske maskinsamvirket å halde heilt følgje med den samla veksten. Framleis er meir enn kvar fjerde nye traktor ein John Deere, og Felleskjøpet er trygge som landets største importør.Finne i fartenDet svenske landbrukssamvirkets Lantmännen maskin har i 2007 forsynt seg grovt av marknaden. Valtra har klatra opp til andreplass på registreringsstatistikken, og er merket med nest størst framgang frå i fjor. I april var kvar femte nyregistrerte frå Finland.Kampen mellom dei raude felganeFor Lantmännen hjelper det også at Claas slær godt ifrå seg. Den grøne franskmannen ligg berre ein traktor bak Fendt, året under eitt, og er på femteplass når vi ser isolert på april-tala. Med andre ord har Claas fått eit godt fotfeste alt no, men ligg enno eit par prosentpoeng lågare enn CaseIH gjorde i den tida LMB var importør.Fendt er også i siget. Til same tid i fjor var det registrert 59 nye traktorar frå Fendt, mens talet i år er 85. Marknadsandelen er opp frå 4,7 til 6,1. Merket er til no i år landets femte største, altså fremst i feltet under dei fire store. Her er Fendt og Claas i ein eigen klasse, med stor luke ned til dei neste Erkefiendane fellEtter John Deere, er Case IH og McCormick av merka med største fallet i marknadsandel. For desse to er det enda meir dramatisk at talet traktorar er så mykje tilbake.CaseIH har levert 21 færre traktorar, mens McCormick reduserer med 19. Det er mykje, når talet for registrerte til no i år er høvesvis 52 og 46.McCormick var av dei som hadde størst framgang i fjor, så det kan hende at fjorårstalet vart unaturleg høgt. CaseIH sine tal må vi sjå i samanheng med New Hollands noteringar. I sum har her vore ein liten framgang frå i fjor, i tal traktorar.MF med parkeringsbremsFjoråret var bra for MF. Til no i år er det ikkje like mykje å juble for, men enno er ikkje tida inne for å gråte. Merket er på fjerdeplass, har levert fem færre traktorar enn til same tid i fjor, og har tapt to prosentpoeng marknadsandel. Talet traktorar er med andre ord nærast uendra, så MFs problem, om vi kan kalle det det, er å halde tritt med totalmarknaden.New Holland held standA-Ks blå traktor klarer akkurat det MF og JD strevar med, nemleg å auke like mykje som gjennomsnittet. Faktisk klarer New Holland ørlite meir. Dei aukar både i tal traktorar, og så vidt også i marknadsandel.ImportøraneBak Felleskjøpet pesar det digre svenske-samvirket. I april er faktisk Lantmännen landets største importør, og for året under eitt er dei einaste importør som er i nærleiken av FK. Desse to har 25,8 og 23,0 prosent av marknaden.Deretter må vi ned på 20,6 prosent for A-K og 19,0 prosent for Eik.Neste importør finn vi først heilt nede på 6,2 prosent, med HCP. Her kan vi merke oss at Zetor har auka med 10 traktorar til no i år, som er ganske bra for det merket. Deutz-Fahr er fram med tre, Lamborghini har halvert seg sjølv frå 22 til 11, men kompenserer med +7 på Same.Elles kan vi ynskje enda eit merke velkomen inn på lista: Yanmar. Dette er ein traktor primært retta mot parkvesen og tilsvarande, importert av Eik og Hausken på Skjetten.Med dette er det i år registrert traktorar av 21 merke.Solid vekst i marknadenFjoråret var svært bra. Til no i år er det registrert 140 fleire traktorar, ein auke på 11,1 prosent. Supert!Treng vi seie meir?

Powered by Labrador CMS