Valtra doblar i Vest-Agder

Mens John Deere og Massey Ferguson er stabile, gjer Valtra eit godt hopp. Ser vi bort frå Valtra, New Holland og Zetor, er det nesten ingenting nytt å fortelje frå Vest-Agder.

Publisert

Fylket er av dei minste i landet, på 16.-plass mellom Oslo og Troms. Som elles på Sørlandet opplevde Vest-Agder god auke i traktorregistreringane frå 2005 til 2006.I 2005 toppa John Deere lista, ein traktor framom New Holland. Desse kjempar ikkje om førsteplassen for 2006. Valtra gjer nemleg eit voldsamt byks, og meir enn doblar talet nyregistrete frå 20 til 44. Denne auken tilsvarer så godt som heile veksten i traktorregistreringar i fylket. John Deere landar på 33, og deretter kjem MF. New Holland fell nemleg med 12 traktorar. For A-K-organisasjonen i fylket betyr det uendra status sjølv med CaseIH i kofferten. Talet CaseIH er 13, altså ein meir enn New Hollands tap.Zetor er på sjetteplass med sju traktorar, sju betre enn i fjor. Elles har alle endra seg med minus ein til pluss to. Med andre ord er mykje som før i Vest-Agder.Les meir om traktorregistreringane her:- Sørlandet" - Vestfold"- Buskerud" - Telemark - Aust-Agder

"
Powered by Labrador CMS