reg-stat-ill

På veg mot 2005-nivå?

Dei siste månadane er traktorregistreringane under tilsvarande månad i fjor. Så var da også 2006 eit uvanleg godt år. Her er status etter første halvår -07.

Publisert

Nokre hovudtrekk:- Gode registreringstal, betre enn fjoråret, trass mindre tempo andre kvartal 07.- John Deere i tet med solid margin- MF, Valtra og New Holland kjem tett i tett eit stykke bak JD.- Claas har etablert seg som eit av dei største merka etter dei fire store.- CaseIH og McCormick er i motvind.- FK er største importør.- Lantmännen pustar i nakken på Eik, som er på andreplass.- A-K maskiner strevar med å halde koken.- Agco er suverent største konsern, dobbelt så store som CNH på tredje.- John Deere er nest største leverandør av traktorar til Noreg.Sånn er det berre Felleskjøpet og John Deere er nummer ein på traktor i Noreg dette året. Slik ser det ut no, og posisjonen er ikkje så veldig truga. Hittil i år har JD fått registrert 210 fleire traktorar enn MF på andre. Summerer vi dei 20 merka frå og med femteplass og ned til botnen på lista, har dei i sum fått registrert nokre få fleire traktorar til saman enn John Deere har åleine. Vi ser likevel ein liten sprekk i sjampanjeglaset: John Deere har tredje største fallet i prosentpoeng marknadsandel.FK som importør ligg fem prosentpoeng over Eik i marknadsandel, eller drygt 100 traktorar, om vi reknar på det viset. FK har vore størst kvar månad med unntak av mars (Eik) og april (Lantmännen) dette halvåret.MF i medvindEikmaskins viktigaste traktormerke starta året med å vere nummer fire i to månader. Deretter var dei nummer tre om vi ser på tala frå mars og deretter april, mens kvar av månadane mai og juni er markert med andreplass. I sum gir det ein andreplass etter første halvår, med 45 traktorar i margin til nummer tre.Det er same plassering som etter første halvår i 2006, men med fleire traktorar og hårfint høgare marknadsandel.Valtra mot New HollandDesse to har kjempa med MF om andre, tredje og fjerdeplass heile første halvår. Alle tre har hatt sine to månader på kvar av plassane. Enno er det svært tett mellom New Holland og Valtra. For tida ligg den blå CNH-varianten sju traktorar bak Agcos finne. Begge har fått registrert nokre fleire traktorar enn på same tid i fjor.Grønt med raude felgarClaas har på rekordtid etablert seg som eit av dei vesentlege merka i Noreg, på den øvste plassen under dei fire store. Denne plasseringa har Claas og Fendt bytt på gjennom året. Den kampen er ikkje avgjort, sjølv om det etter første halvår er 25 traktorar som skil dei to. Fendt er forresten nøyaktig på same tal som i fjor. Det betyr at Fendt held stand på eit vesentleg høgare nivå enn dei føregåande åra.TaparaneTo merke utmerkar seg med stor tilbakegang frå første halvår i fjor: CaseIH og McCormick. For CaseIH sin del er det framleis verknaden av importør- og forhandlarskiftet som slær ut. Det er grunn til å tru at CNH ikkje er nøgde med dei norske CaseIH-tala, utan at vi kan seie kva det fører til av innsats og påfunn frå A-K.McCormick hadde det Lena Maskin omtaler som eit unaturleg godt år i 2006. Ser vi tilbake til 2005, er det berre tre traktorar som skil første halvår då og no. Det skal også nemnast at flyttinga av McCormick-monteringa frå Doncaster til Italia gir noko utsett levering av visse modellar, forutan utsett innføring av nokre nye modellar. Lena lovar å kome sterkare tilbake mot slutten av året.Zetor i full durVår tsjekkiske ven er den som klatrar fortast for tida, nest etter Claas. I juni er faktisk Zetor landets femte mest registrerte merke. For kvar to Zetorar som vart registrert i fjor, er det registrert tre i år.Dei andreDeutz-Fahr er likt med fjoråret i tal traktorar. Same, Lamborghini og Hürlimann i sum er litt ned, mens Landini har auka med tre traktorar.JCB er akkurat lik med fjoråret, med sju registrerte. Med andre ord snakkar vi om ein traktor som blir lagt meir merke til enn registreringstala skulle tilseie, særleg av folk som køyrer lastebil.MikromerkaI juni noterer vi oss nokre fleire nye merke i statistikken: Ferrari og Valpadana. Sistnemnde kjenner vi frå før, som ein konkurrent til Antonio Carraro, eigd av Argogruppa.Ferrari høyrest rått og dyrt ut, men traktorutgåva er langt mindre glamorøs enn bilen. Dei to merka har like lite med kvarandre å gjere som Lamborghini bil og traktor. Også med Ferrari er det snakk om italienske kompakte spesialtraktorar høvelege til dømes for fruktdyrking.Importørane Som før nemnt: FK er størst, framom Eik og Lantmännen. Seks importørar handerer så godt som alle traktorar omsette i Noreg. Her er status så langt:plass importør prosent1 Felleskjøpet 26,42 Eikmaskin 21,63 Lantmännen 20,74 A-K maskiner 18,65 HCP Norge 6,96 Lena + Aase 3,5sum seks største 97,8 Produsentane Ni av ti traktorar til Noreg er levert frå fem store produsentar. Åtte av ti er frå dei tre største. Det er tydeleg avstand mellom plassane på lista. Agco er suverent i tet, ti prosentpoeng framom John Deere. Avstanden frå JD til CNH på tredje er åtte prosentpoeng. Likevel er CNH fire gongar så stor som Argo.plass konsern prosent1 Agco 36,42 John Deere 26,43 CNH 18,64 Argo 4,55 SDF 3,6sum fem konsern 89,6 Historisk bra Årets seks første månader er det beste første halvår på kring 20 år. Dei fire siste åra har vi desse tala første halvår:- 2007: 2193- 2006: 2119- 2005: 2130- 2004: 1879Trass dette trur vi at den fallande tendensen dei siste månadane, målt mot i fjor, kan føre til at vi ikkje når 2006-nivået totalt, men heller nærmar oss 2005. Det var også eit bra år, så lommeduken bør nok heller brukast til å tørke sveitte enn til tårer.

Powered by Labrador CMS