Østfold i framgang

Eit viktig landbruksfylke, men mindre enn vestlandsfylka i tal nye traktorar. 2006 er likevel eit bra år i Østfold, nesten 40 prosent betre enn 2005.

Publisert

John Deere er i tet, i fjor som i forfjor. Skilnaden er at avstanden til nummer to er mykje større. Det kjem av at John Deere har auka talet nyregistrerte med over 60 prosent, mens MF på andreplass berre har auka som gjennomsnittet, kring 40 prosent.Eit anna merke med like god vekst som Deere er New Holland. Den blå traktoren er på fjerdeplass, men har vist fin auke, og pustar no Valtra på tredje i nakken.Valtra har ikkje klart å halde følgje med dei andre. Ein auke på berre fire traktorar frå 2005 gir tap av marknadsandelar.Fendt har nesten dobla seg, frå ni til 16 traktorar. Dermed er både Fendt og New Holland forbi CaseIH, som har utvikla seg motsett, nemleg blitt halvert. Ein traktor bak CaseIH kjem Claas.Vi må også nemne tiandeplassen, der JCB har fått ut fire nyregistrerte på heimebøen. Også her snakkar vi om ei dobling.Eik er størst, ørlite framom Felleskjøpet. Desse to har begge meir enn ti prosentpoeng forsprang på Lantmännens forhandlarnett i fylket, som er tredje størst. Deretter kjem A-K like bak.Les meir om traktorregistreringane her:- Akershus" - Oslo"- Hedmark" - Oppland - Austlandet

"
Powered by Labrador CMS