Oslo

I hovudstaden har dei fleste merke endra seg med tre-fire eller åtte traktorar frå 2005 til 2006. John Deere held teten, men på tredje og fjerde finn vi Fendt og McCormick.

Publisert

Oslo er ein litt rar plass, men også brukbart stabil. Totalregistreringane er opp 10 prosent i det som er landets 15. største traktorfylke.Det som er ganske forunderleg, er at alle merke på topp ti er opp eller ned tre, fire eller åtte traktorar. Unntaka er MF (-1) og Deutz-Fahr (0).Einaste endringa på rekkefølgja, er at CaseIH går frå fjerde til åttandeplass. Claas kjem inn på delt femteplass. I tillegg har Zetor ramla ut av lista, frå åtte traktorar i 2005 til ein i 2006.Vi har ingen dokumentasjon på det, men det er grunn til å tru at storparten av traktorane som er registrert i Oslo ikkje vert nytta til landbruk. Såleis kan vi også tippe at vi finn ein del av småtraktorane her, noko Kubota på tiandeplass kan vere eit teikn på.John Deere er største merke, med ein svært solid marknadsandel. Det gjer Felleskjøpet til største leverandør, truleg i samarbeid med no oppkjøpte Reinhardt.Eik er nummer to, med MF på andreplass og Fendt på tredje. FK og Eik har til saman 63,2 prosent av traktormarknaden i tigerstaden.Merk deg at McCormick er fjerde største merke i Oslo. I tillegg er Lena maskin fjerde største traktorleverandør, bak Lantmännen og framom A-K.Valtra og Claas er like, men ikkje akkurat store.New Holland og CaseIH finn vi heilt nede på sjuande og åttandeplass. Dei har levert så få traktorar at du skal vere stygt råka av koldbrand for å ikkje klare å telje alle på fingrar og tær.Les meir om traktorregistreringane her:- Østfold" - Akershus"- Hedmark" - Oppland"- Austlandet

"
Powered by Labrador CMS