reg-stat-ill

MF på andre

Mens John Deere har ei normal registrering nær 100 traktorar pr. månad, er det eit stort sprang når MF med 80 traktorar i mai hoppar opp på andreplass - ein framom Valtra.

Publisert

Det seier sitt om posisjonen John Deere har, når merket i mai ligg to traktorar bak New Holland og Valtra sitt samla registreringstal. Desse to har begge ein litt svak månad. MF har altså ein god månad. Dei tre bak Deeren er i praksis like store nett no.Framleis bra årEnno ligg registreringstala bra over fjoråret, men mai var ein svak månad, der halve forspranget 2007 hadde på 2006 gjekk tapt.UtjamningJohn Deere er, trass si solide plassering, ned 1,7 prosentpoeng frå i fjor. Då snakkar vi om marknadsandelar. I tal er tilbakegangen på ein traktor.MF er tilbake med fire traktorar og 1,1 prosentpoeng. Valtra er opp ti traktorar, men ned 0,3 prosentpoeng i marknadsandel. New Holland har auka med 30 traktorar og 0,9 prosentpoeng.Sånn er detFor å lettare forstå korleis styrkeforholda mellom merka er, har vi denne månaden sett opp eit lite diagram. Ord er ganske overflødige der, men skit la gå: Vi skriv ein liten kommentar likevel. Tabellen gjeld for 2007 til no.- Hjorten er suveren. Meir er det ikkje å seie om den saka.- Dei tre neste har nærast daudt løp: 15,8, 15,8 og 15,1 prosent marknadsandel.- Deretter, frå 6,4 prosent og nedover, følgjer resten, med svært jamt avstand.

RestenAkkurat no ser det ut til å vere svært jamt frå femteplassen og nedover. Avstanden er som nemnt svært jamn, men dette kan endre seg. I april var jo Fendt framom Claas. Likevel er nok plassane frå femte og nedover til der mikromerka rår grunnen fordelt sånn omtrent som det blir i tida framover også.SDFModellutvalet frå dei fire merka Deutz-Fahr, Lamborghini, Same og Hürlimann er som kjent så godt som identisk. Altså snakkar vi her om heilt like traktorar i fire fargar, med unntak av nokre svært få modellar som er lite aktuelle her i landet.Med dette i mente, summerer vi dei fire. Resultatet til no i år vert 3,7 prosent. Det gir SDF-gruppa sine fire plass nummer åtte, om dei hadde vore selde som eitt merke. Det er plassen bak CaseIH, men før McCormick.

ImportørkampenFelleskjøpet held stand på førsteplass. Eik og A-K ligg nesten likt på tredje og fjerde, mens Lantmännen ligg midt mellom desse to og FK.

Powered by Labrador CMS