mf 5470 carrier

Kva er rette prisen?

I BG 4/07 står tidenes mest omfattande liste over prisar på leigekøyring og maskinleige. Men kva pris skal du ta?

Publisert

I prislista oppgir vi middelpris, som er den mest vanlege prisen i marknaden, og høgaste og lågaste pris i vårt kjeldemateriale. Kan hende er middelprisen heilt rett for deg, eller kan hende er det meir rett å ta høgare pris enn største pris i lista.Kva er middelprisMiddelpris er som nemnt den mest vanlege prisen i marknaden, og gjeld når forholda er greie. Det vil seie at arbeidsoppdraget er passeleg stort, at kummar, blauthol og andre hinder er tydeleg merka, at til dømes stor stein er fjerna før hausting, og når terreng og forma på teigen er slik at arbeidet kan gå i normalt tempo.Held du til i eit område der det er ein del landbruk, og alt vi nemner over er i orden, vil ofte ein pris i nærleiken av middelprisen vere ganske rett.Høgare prisSlikt som små teigar, vanskeleg tilkomst, dårleg drenering, ugrei bonde eller få kundar i området er med på å trekke prisen oppover. Det same om du til dømes betaler pr. dekar eller pr. rundball for haustearbeid, og avlingane er små.Er det fem bønder i bygda, og den eine kjøper klauvboks til utleige, er det naturleg om leigeprisen på denne er høgare enn i ei bygd der 20 bønder leiger same klauvboks.Det kan også vere aktuelt å skru opp prisen, om kundegrunnlaget er større enn kva den som driv leigekøyringa har kapasitet til å betjene, men slike prismekanismar fungerer gjerne annleis i landbruket enn elles i samfunnet, så amerikansk marknadsteori om pris versus etterspurnad kan ikkje brukast ukritisk under våre forhold.Lågare prisStore oppdrag, trufast kunde som legg godt tilrette, folk det er triveleg å arbeide for eller tøff konkurranse i området er grunnar vi høyrer frå dei som ligg under middelprisen.Lista er eit utgangspunktIngen kan gi det korrekte svaret på kva som er rette prisen i ditt tilfelle. Prislista er rettleiande, og viser omlag kva nivå som finst.Det viktige er at kjøpar og seljar er einige, og vi tilrår på det sterkaste å bli einige om prisen på førehand. Gjennom året har vi fleire telefonar frå folk som har avtalt arbeid seg imellom, men som vert overraska når rekninga kjem, eller som opplever at kundane blir sure fordi dei hadde venta seg ein annan pris.Les meir her- Døme på prissetting - Utkast til leigeavtale

"
Powered by Labrador CMS