John Deere og FK har Hedmark

Sjølv om dei har hatt ein viss tilbakegang, er enno John Deere og FK utan særleg konkurranse i Hedmark.

Publisert

Samla har fylket hatt ein tilbakegang. Minus 19 traktorar, eller 6,5 prosent, for å vere presis. Hedmark ligg bak Trøndelagsfylka, og er sjette størst i landet, ti traktorar framom Møre og Romsdal.John Deere har størst tilbakegang i tal traktorar. I og med at 2005 var eit solid år, er ikkje 12 traktorar i minus nok til å tape førsteplassen. Valtra på andre ligg i god avstand, og taper også ganske mykje: Minus 11 traktorar.Det betyr at Valtra skal passe seg for New Holland, som hadde eit greitt år i Hedmark i 2006. Fram ni frå 2005 betyr at merket har størst framgang av alle, og det manglar berre ein traktor på å vege opp for CaseIHs tilbakegang.Rett bak New Holland kjem MF. Då har vi ramsa opp det som er ein tydeleg kvartett i teten.Femteplassen går ikkje overraskande til McCormick. Hedmark er nesten heimebane for Lena Maskin, men merket er faktisk meir populært både i Hordaland og Rogaland.Claas er på delt tiandeplass med Zetor. Lysegrøne franske maskiner har altså ikkje slått heilt an i innlandsfylket enno, og er akkurat for lite til å vere med på ti på topp-lista vår denne gongen.Felleskjøpet er størst i Hedmark med 24,2 prosent. Dei tre andre store har rekkefølgja Eik, Lantmännen og A-K, frå 20,9 til 19,0 prosent av dei nyregistrerte traktorane i fylket i 2006. Altså trakkar dei nesten på kvarandre sine ski.Les meir om traktorregistreringane her:- Østfold" - Akershus"- Oslo" - Oppland"- Austlandet

"
Powered by Labrador CMS