06aust-kart

Grundig grønt i aust

Kvar tredje traktor i landet går til Austlandet, og der er kvar fjerde John Deere. Alle dei seks største merka har hatt framgang, med unntak av Valtra.

Publisert

Som om det ikkje er nok at John Deere ligg hundre traktorar framom nummer to, er Felleskjøpet største leverandøren. John Deeres framgang er identisk like stor som den totale auken i traktorregistreringane i landsdelen, nemleg 3,2 prosent. Marknadsandelen er to prosentpoeng høgare her enn i landet under eitt.For dei andre på lista over dei seks mest populære merka, er det større endringar. MF har størst framgang, og styrkar med det stillinga som nest mest populære merke. I 2005 vart plassen sikra med fire traktorar i margin. No er avstanden til tredjeplassen ti gongar så stor.Der finn vi New Holland, som er forbi Valtra. Framgangen på 20 traktorar er ikkje like stor som for MF, og lang frå nok til å vege opp for CaseIHs fall (-64, ei halvering frå 2005). Likevel er A-K maskiner også på Austlandet ein av dei store leverandørane, med ein femtedel av marknaden.Valtrafolket gret nok ein liten skvett. I alle austlandsfylka taper dei marknadsandelar, og i visse fylke svært mykje. Mens marknadsandelen i heile landet er 13,0 prosent, er den 11,6 her.Claas er heller ikkje med på å dra opp Lantmännens tal særleg mykje, trass ein god innsats i Akershus. Merket er ikkje av dei seks mest populære, og slit i tunge traktorfylke som Oppland og Hedmark. Vi skal ikkje svartmåle, for Claas er fersk. Med heile året bak seg, kunne nok de litt mørkare grøne traktoren med raude felgar vore truga.McCormick held femteplassen i landsdelen, med heile 6,6 prosent marknadsandel. God framgang i nokre fylke, og stabilt resultat i andre, er forklaringa på det.Nummer seks er Fendt. Nesten like mykje fram som McCormick, fordelt på ein liten framgang i alle fylke unntatt Akershus, er resepten her.Les meir om traktorregistreringane her:- Østfold" - Akershus"- Oslo" - Hedmark"- Oppland" - Nord-Norge"- Midt-Norge" - Vestlandet"- Sørlandet

"
Powered by Labrador CMS