06sør

Godt kjør i sør

John Deere, Valtra og New Holland toppar pallen på Sørlandet. Alle fylka har framgang, og Lantmännen har grunn til å feire seg sjølve.

Publisert

Lantmännen er største importør av traktorar til Sørlandet. Med Valtra på ein sterk andreplass, og Claas godt i gang, har dei to Lantmännen-merka 26,4 prosent av den sørlandske marknaden. A-K maskiner er nummer to, med 23,6 prosent. Deretter følgjer Felleskjøpet. John Deere er mest populære merke, totalt 21,7 prosent for sørlandsfylka samla.Eik har ikkje så veldig til fotfeste i landsdelen. Berre knappe 15 prosent har MF- og Fendtimportøren hand om.Valtra har hatt stor framgang, og vinn to av fylka. Finnen fekk registrerte heile 46 prosent fleire traktorar i 2006 enn i 2005 på Sørlandet, og det er ein vekst ingen andre kan måle seg med. Kanskje bortsett frå Claas, då, som kom inn med 59 nye traktorar frå ein start på null i februar. Det sikrar femteplass i landsdelen. Nykomaren er til samanlikning ikkje av dei seks største i Midt-Norge eller på Vestlandet.New Holland står stille. Minnest vi at forhandlarane har fått inn eit nytt merke i året som har gått, er ikkje det så ille å stå stille. CaseIH heng enno med, men talet nye traktorar ut til kundane er 31 prosent dårlegare enn i 2005.McCormick på topp ti i alle fylke, men for liten til å vere med på landsdelsoversikten. Vi merkar oss også større aktivitet på HCP sine merke her i sør enn i mange andre distrikt i landet.Sørlandet er ein liten landsdel når vi snakkar om traktorar, men området har bidratt svært godt til fjorårets totale auke i traktorregistreringane. Oppgangen her er 27,9 prosent, altså langt over landssnittet på kring åtte. Her er framgang i alle fylke. Hurra for det.Les meir om traktorregistreringane her:- Vestfold" - Buskerud"- Telemark" - Aust-Agder"- Vest-Agder" - Nord-Norge"- Midt-Norge - Vestlandet

"
Powered by Labrador CMS