n-4094

Enkel - og nesten feilfri

Lite tull, få reparasjonar, romsleg hytte og god å køyre. Det er omkvedet frå eigarane av ein traktor det kryr av på norske bygder: Fiatagri L-serie og Ford 35-serie.

Publisert

Dette er ikkje traktoren som fører den teknologiske utviklinga framover med sjumilssteg, men det er ein traktor for deg som treng ei arbeidsmaskin som fungerer og er til å stole på. Mange har gode erfaringar med traktoren, men så er det da også lite som kan gå gale.BrukttestI Bedre Gardsdrift nummer 3 2007 har vi ein grundig brukttest av den populære traktoren, som elles har fått langt mindre merksemd enn populariteten skulle tilseie.Her får du litt fleire bilete, og litt meir brukarerfaringar. Den komplette testen finn du i bladet, som abonnentane våre får siste veka i mars.Om du ikkje er abonnent, men vil bli det: Klikk her. Vil du kjøpe dette eine bladet i pdf-format, klikk her.

" I menyen til høgre finn du eit galleri med fleire bilete av traktoren og detaljar.Sterke og svake siderDet som går att frå alle som har uttalt seg, er at motor og transmisjon er feilfritt, og i stor grad også hydraulikken. El-anlegget har derimot mange hatt ymse trøbbel med . Terje Arnstad frå Stjørdal har like godt bygd om heile anlegget.– Sikringane og tenningslåsen smelta ved høg belastning. I utgangspunktet var her ingen rele, og alt for stort uttak på enkelte kursar. Eg har mellom anna lagt om slik at kursane har mindre belastning, og eg har lagt inn ein kontaktor før tenningslåsen.Det er vanleg med kontaktfeil/leidningsbrot på hurtiggiret. Eit tips: Skift til høgtalarkabel, som er mykje mjukare enn den originale leidningen. Eit anna tips: Legg inn eit rele på hovudlysa. For dei fleste er det nok til å rydde opp i straumfeila.Gjerrig skogstraktorMorten Rustad på Brandbu brukar traktoren i skogen heile vinteren. Både L 75-utgåva han hadde fram til nyleg, og nyetraktoren, ein TL 90 A, er skogsrigga med vendbar førarplass. På den nye betyr det utbygd bakrute, fotboks, buk- og ventilbeskyttar. Det kostar kring 25 000 kroner ferdig.– Dette er ein veldig fin traktor i skogen. Den er svært solid og du ser kva du driv med. Legg merke til dei solide felgane. Stålet er mykje tjukkare enn på konkurrentane. Eg har enno ikkje merke i felgen, trass mykje og tøff køyring, seier Morten.Han meiner også at traktoren brukar lite diesel, om du ikkje tar ut full effekt. Ved mykje av skogskøyringa ligg forbruket så lågt som tre liter i timen. Mortens erfaring er at andre merke gjerne brukar eit kvart fat meir med diesel pr. dag på same arbeidet.BrukarerfaringarI bladet kan du lese kva fordelar og ulemper eigarane ser ved traktorane sine, kva reparasjonar dei har hatt og kva dei vil erstatte traktoren med. Her er nokre fleire erfaringar.Bjørn Ørmen, RyggeTraktor: 4835Motoren var litt treig, så ved 900 timar vart det montert turbo (2003). Trekkraft og drivstofforbruk vart mykje betre. Traktoren er brukt til våronnarbeid, potetsetting, potethausting (Grimme 75-20) og ymse anna gardsarbeid. Er veldig godt nøgd.Terje Arnstad, FlornesTraktor: 6635Traktoren går i rundballepressing/-pakking og slåmaskin om sommaren, og rundballetransport og brøyting om vinteren. Terje har strengt tatt berre lovord om den enkle og greie traktoren.Morten Rustad, BrandbuTraktor: L 75Traktoren har Trima 1490 og er skogsrigga. Er heile vinteren i gardsskogen. Om sommaren: Våronn, sprøyting, potetsetting og -opptaking. Startar alltid og går som den skal, i alle temperaturar. Har fått mykje juling, og toler det.Palma Bjørdal, ØrstaTraktor: 5635Veldig grei traktor med god plass i hytta, går som den skal. Pumpa vart nyleg justert fordi traktoren var blitt daff. Panseret er lakkert på A-K si rekning, etter initiativ frå seljaren. Lakken flassa av, grunna ein serie med dårleg miljølakk.Leon Johannesen, BleikvassliaTraktor: 5635Godt nøgd.Ola Eikeland, BryneTraktor: 56355635'en gjekk som hovudtraktor i omfattande landbruksdrift med mykje tung lastarkøyring. Ein traktor med mange gode eigenskapar, men utan førarkomforten vi forventar i dag. Ettermonterte wastegate-turbo i 1998. Målte 90 hk kraftuttakseffekt. Dieselforbruket er bra, og med turboen har traktoren godt drag på alle turtal. Traktoren er liten nok for tronge plassar, men stor nok for store oppgåver. Forhandlar har gjort god jobb.Viggo Myhre, LebesbyTraktor: 5635Traktoren har gått i hard bruk med brøyting og lastar, i tillegg til jordbruksdrift. Saknar tilt på rattet. Har hatt blå røyk heile livet. Ikkje nøgd med lokal forhandlar, særleg ikkje deleforsyninga.Mari Stenberg (og sonen Henrik), StangeTraktor: L 85 Fin lastartraktor, svært god sikt framover (har brei Trimalastar). God sikt til trekkrok takka vere spegel ute på bakskjermen. Gammalmodig ergonomi (tung handgass, hydraulikkspakar sit lågt). Kløtsj er blitt tyngre med åra. Bra med tiltbart ratt. Dieselslange på undersida sit utsett til, må ha bukbeskyttar i skogen.

Powered by Labrador CMS