Ein traktor kvar dag i Oppland

I eitt fylke har det mest populære merket over 100 traktorar i fjor. Vi snakkar sjølvsagt om kombinasjonen av Oppland og John Deere.

Publisert

Hjorten er ein tydeleg favoritt i Oppland. Nesten kvar tredje traktor er grøn og gul, og avstanden ned til dei andre store er heile ti prosentpoeng. Slik var det også i 2005. I tillegg er Felleskjøpet tydeleg større enn Eik på andreplass og A-K på tredje, med tala 28,8 - 22,7 og 20,3 prosent av marknaden.Av dei tre på toppen er det likevel John Deere som har minst framgang. Merket auka med tre traktorar frå 05 til 06, mens MF og New Holland gjekk opp med høvesvis åtte og sju.På fjerdeplassen finn vi McCormick. Her har salet stått heilt stille, med 41 traktorar kvart av dei to siste åra. Dermed er Oppland landets klart beste McCormick-fylke. Ikkje rart, i og med at dette er Lena Maskins heimebane. Her er dessutan Lena Maskin fjerde største traktorleverandør, med solid margin til rivalen Lantmännen.I 2005 var det Valtra som hadde fjerdeplassen i Oppland. I løpet av eitt år har den nordiske traktoren krympa til halv storleik. Dei tre på sigerspallen har auka med nesten like mykje som Valtra har mista.Rett bak Valtra finn vi Deutz-Fahr. Merket har to fylke som utmerkar seg med gode tal her i landet. Det er Rogaland med 22 traktorar, og altså Oppland med 20. I alle andre fylke er registreringstalet under 10.I Oppland er det to merke som har tilbakegang. CaseIH er det andre. I tal traktorar er fallet mindre enn Valtras, men i prosent er det større.Med fem traktorar er Claas det minste av alle 11 merke som er registrerte i Oppland i 2006. Ingen suksess der enno, altså.Elles er det små endringar å snakke om på merkestatistikken. Også for fylket under eitt er det liten skilnad frå 2005 til 2006. Fire traktorar i tilbakegang, tilsvarande 1,6 prosent, må seiast å vere stabilt. Oppland er tredje største traktorfylket i landet.Les meir om traktorregistreringane her:- Østfold" - Akershus"- Oslo" - Hedmark"- Austlandet

"
Powered by Labrador CMS