reg-stat-ill

Deere klart i tet

Konkurrentane ligg på omlag halve nivået av John Deere, i årets andre månad. Dei fire store ligg alle framom skjema frå i fjor.

Publisert

Dei totale traktorregistreringane er nesten ti prosent høgare enn på same tid i -06. Som vi har skrive før, var 2006 eit uvanleg bra år for den norske traktorbransjen. To månader er lite å konkludere frå, men det må seiast at det ser bra ut alt no.John Deere sin posisjon er fantastisk solid. Merket er større enn Valtra og Massey Ferguson til saman, og ein heil snøvinter framom nummer to New Holland. Felleskjøpet er suverent største importør, og enno skryter dei av ordrereserven på 6030-serien.New Holland er i framgang, og er 1,2 prosentpoeng betre enn på same tid i fjor. Kampen mellom den blå, den mangefarga og den raude er likevel langt frå avgjort. Mykje brukar å snu på seg utover året. Om Valtra no ligg på tredje og MF på fjerde, er det einaste vi tør å seie at mykje vil endre seg. Dei tre store i skuggen av John Deere brukar å finne på litt av kvart utover året.Claas har etablert seg på femteplass, der vi til og med desember i fjor brukte å finne CaseIH. No har Lantmännens nye traktormerke sikra seg plassen to månader på rad, og det kan jammen det hende at Claasen blir verande der i området.Ein annan tysk klatrar er Fendt. Sjuande eller åttande har brukt å vere vanleg plassering, men dei to første månadane i år har Fendten gjort krav på sjetteplassen.CaseIH, McCormick, Deutz-Fahr og Lamborghini har alle ein viss tilbakegang. Det er ikkje lett å vere lite merke i våre dagar. Tilbakegangen er likevel ikkje urovekkande, i og med at vi berre har unnagjort to månader.Etter Felleskjøpet følgjer A-K og Lantmännen tett i tett, som landets nest- og tredje største traktorimportør. Først nokre prosentpoeng lenger ned på lista ligg Eikmaskin, med andre ord forbigått av Lantmännen så langt i år.I løpet av dei to første månadane er traktorar frå heile 15 merke registrert. Denne månaden kom JCB, Belarus og Kubota med, og merk deg: Lindner er inne på sjeldan besøk. Her er det snakk om ein GeoTrac 83, ein kompakt austerriksk traktor på drygt 80 hk. Ser du lista andre plassar, står det berre "Andre merker". Det er skilnaden på Bedre Gardsdrift og andre publikasjonar. Vi veit. Du kan stole på oss.

Powered by Labrador CMS