claas traktor 07 q

Claas på hogget

Ares blir erstatta av den solid oppgraderte Arion. Storebror Axion får trinnlaus transmisjon. Fem nye Jaguarmodellar kjem i tillegg til dagens fire. Og giganten Xerion blir enda voldsomare.

Publisert

På årets Agritechnica-utstilling kjem Claas berre til å stille ut nye maskiner. Det har aldri før skjedd, og den standen er ikkje liten. Forutan mangt nytt på treskarsida og på dei fleste reiskapslinjene, er det vesentlege endringar i traktorsortimentet. I tillegg har Claas gjort storarbeid på sjølvgåande snittarar.Bedre Gardsdrift har førstehandskjennskap til endringane som kjem. Her er nokre stikkord:

Arion- Overtar etter Ares- Fire- og sekssylindra utgåver som overlappar- Effekt frå 105 til 150 hk, maks 175 hk med ekstraeffekt- Utvida med større firesylindra toppmodell og større sekssylindra toppmodell- Nye motorar frå Deere Power Systems: 6,8 l, fireventilert, variabel turbogeometri, common rail, utvendig eksosresirkulering, ny motorstyring- Kjem i fleire utstyrsnivå, frå temmeleg enkel til høgt spesifisert

- Hytte som på Axion- Armlenebetjening av transmisjon, motor, hydraulikk og vendeteigsautomatikk- Cebisterminal på toppversjonenUtvendig er det svært lite som skil Arion frå Ares. Transmisjonen er også den same: Fire grupper med seks hurtiggir i kvar. Betjeninga er ny og forenkla. Alle gir kan skiftast manuelt, delvis automatisk eller heilautomatisk. Du kan få hytte med firepunktsfjøring og fjørande framaksling.Axion

Traktoren som hadde verdspremiere i på trykk i Bedre Gardsdrift 8/06 og for publikum på Agroteknikk kan frå no leverast med trinnlaus transmisjon. I tillegg er det gjort fleire endringar på serien elles. Til dømes har alle modellar fått ekstraeffekt, og ein enklare utstyrt versjon er varsla.Xerion

Den største traktoren produsert i det vestlege Europa kjem i ein enda større versjon. No med makseffekt på 379 hk, forutan ymse justeringar mellom anna på den avanserte firehjulsstyringa.JaguarI tillegg til dagens fire modellar, kjem fem nye i ein ny serie. Ny førarhytte med nytt interiør, endringar i strukturen på maskina med betre vektfordeling, og på toppen ei tomotors utgåve med maks 830 hk.Berre i Bedre Gardsdrift Du kan lese mykje meir om dette i førstkomande Bedre Gardsdrift. Som einaste norske publikasjon var Bedre Gardsdrift på plass då alt hadde førehandspremiere for europeisk fagpresse nyleg. Vi har prøvekøyrd og gått gjennom det meste, og er klar til å fortelje om traktormerket som står klar til å ta rotta på dei store.

BG 8/07 er bladet, ute i slutten av oktober.

Powered by Labrador CMS