Claas lik New Holland i Buskerud

Hadde året vore litt lenger, kunne Claas gått forbi New Holland i Buskerud. No må dei to dele tredjeplassen, bak John Deere og Valtra.

Publisert

Talet 28 er faktisk det mest brukte på registreringsstatistikken for Buskerud. Sjå berre her:- I 2005 vart det registrert 28 New Holland- I 2006 vart det registrert 28 New Holland- I 2006 vart det registrert 28 Claas, som er ein auke på 28- I 2006 fall CaseIH med 28 traktorar i høve til 2005For CaseIH betyr det at merket fell frå andreplass til sjuandeplass på statistikken. Førsteplassen er det John Deere som har, også her. Hjorten er to traktorar tilbake, med andre ord omlag uendra. Valtra er opp ein plass til andre, og aukar med sju traktorar.New Holland står som nemnt stille i talet registrerte traktorar, men går også opp ein plass som konsekvens av søstermerke CaseIHs stup. Claas har ein knallstart, og tredjeplass er bestenotering så langt.På femteplass er ein annan tyskar. Fendt har dobla seg frå sju til 15 traktorar. Eiks andre merke, Massey Ferguson har gjort motsett: Halvert seg sjølv frå 24 til 13. Med det er faktisk Fendt større enn MF.McCormick og Zetor har begge fått registrert fem fleire i 2006 enn i -05, mens Lamborghini er ein tilbake, og forbigått av dei to nemnde.Med dei gode tala for Valtra og Claas er Lantmännens medarbeidarar i Buskerud større enn Felleskjøpet på traktor. For kvar to traktorar desse får registrert, registrerer A-K ein. Eik er enda mindre.Buskerud er åttande største traktorfylket i landet, like over Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er ein framgang på ti traktorar frå 2005, ein auke på 4,5 prosent.Les meir om traktorregistreringane her:- Sørlandet" - Vestfold"- Telemark" - Aust-Agder"- Vest-Agder

"
Powered by Labrador CMS