Aust-Agder: Minifylke i framgang

John Deere, Valtra og MF aukar godt i Aust-Agder, og står for storparten av framgangen i fylket.

Publisert

Alle tre aukar med 10 eller 11 traktorar. For John Deere betyr det at førsteplassen er sikker. For Valtra betyr det andreplass, forbi New Holland.Vel så viktig er 11 ekstra for MF, som tredoblar seg frå 5 til 16. Dermed er merket mellom dei fire store, og ikkje smårusk som i 2005.Femteplassen går til CaseIH, som også går fram frå 2005. Resten av lista består av sjetteplassar. Fendt, Lamborghini, McCormick, Landini, Deutz-Fahr og også Zetor fekk registrert to kvar i Aust-Agder i fjor.A-K maskiner og Felleskjøpet tar halvparten av marknaden. Dei har nøyaktig 25,4 prosent marknadsandel begge to. Like bak kjem Lantmännen, med 22,1 prosent.I Aust-Agder vart det i fjor registrert 47 fleire traktorar enn i 2005. Det er svært stor framgang i prosent, heile 62,7. For to år sidan var Aust-Agder eitt av to fylke med under 100 nyregistrerte. No er den grensa passert med god margin, men framleis er fylket nest minst, etter Finnmark.Les meir om traktorregistreringane her:- Sørlandet" - Vestfold"- Buskerud" - Telemark - Vest-Agder

"
Powered by Labrador CMS