Sekshjulingen Fendt TriSix fotografert på Agritechnica 2007.
Fendt TriSix fotografert på Agritechnica 2007.

Alt om beistet Fendt TriSix

Det er ikkje mykje som er normalt på Fendt TriSix. Det meste er abnormt stort og veldig annleis frå stortraktorar flest. BG gir deg alle detaljane.

Publisert

Fendt-eigar Agco ser positivt på framtida, og dei ser mot aust. Der ligg store areal som ventar på ei meir effektiv drift, og Agco har alt hatt bra suksess med beltetraktoren Challenger.

Enno er det rom for å auke effektiviteten, og då må effekten opp. Det er ikkje enkelt, fordi det er vanskeleg å overføre trekkrafta frå særleg meir enn 3-400 hestekrefter til bakken med ein normal traktor.

Leddstyring eller belte

Alternativet er leddstyrte traktorar av amerikansk type, med tvilling- eller trillinghjul framme og bak. Desse får køyre på vegen i USA, men her i Europa er vi strengare. Eit anna alternativ er bruk av belte. Det gir god flyteevne og bra overføring av trekkraft, men igjen blir det problem på vegen.

Det ville passa dårleg i profilen til Fendt med ein traktor som ikkje kan køyre fort. Beltetraktorar og leddstyrte amerikanske traktorar har dessutan Agco frå før.

Difor har Fendt fått arbeide med ideen om ein europeisk stortraktor. Det skal vere noko meir høgteknologisk enn kva amerikanarane likar å lage, og med to mål: Den skal vere skikkeleg sterk, og den skal utan problem kunne køyre fort langs vanleg veg.

Tre akslingar på Valmet

Sekshjulstraktoren Valmet 1502
Valmet 1520 med tre akslingar.

Løysinga har vore prøvd før. Valmet køyrde med tre akslingar på modellen 1502, som vart påtenkt på 60-talet. Produksjonen gjekk frå 1975 til 1980. Her snakkar vi rett nok om ein motoreffekt på 136 hk. Lite i dag, ganske mykje den gongen. 

Traktoren var heller ikkje trinnlaus, men var utstyrt med noko av det fremste som let seg framvise den gongen, nemleg ein totalsynkronisert 16/4-kasse. Tanken var å bygge ein traktor med høvesvis stor effekt og lite jordpakking, og på same tid høg førarkomfort. 1502 hadde ikkje styring på bakakslingen, men ein tradisjonell boggi. Dei første åra hadde traktoren berre drift på boggien. Det vart berre produsert 52 eksemplar av Valmet 1502.

Tre akslingar i Aust-Europa

Vet du noe om denne traktoren?

På nettet finst det også bilete av ein traktor med teksten PB 300 på panseret, som strengt tatt ser ut som ein lettare krympa TriSix. Vi veit ikkje om dette er ei meir eller mindre sjølvbygd løysing, eller om det ein prototype frå ein annan produsent. Nokre nemner Kirovets som eit aktuelt merke, men dette er berre lause rykte.

Tre akslingar på Fendt

I alle fall er Fendt komne fram til at tre akslingar er det som skal til for å tilfredsstille eigne kravspesifikasjonar. Med seks store hjul går effekten i bakken som den skal. Sving bak gjer ekvipasjen brukbart smidig. Breidda er godkjent. 

På hjul kan du køyre fort. Akslingkombinasjonen med individuell hydraulisk fjøring på alle hjul gjer at traktoren både er stabil og har god bakkekontakt med alle hjul. Fjøringsvegen er 37 cm. Komforten er betre enn på beltetraktorar eller rammestyrte amerikanske traktorar. 

På bilete av prototypen er nokre av hjulboltane erstatta med feste for tvillinghjul. Om dette reelt er for å kunne køyre med tvilling, eller om festepunkta berre er brukt for å få på dei absurde plastikk-felgkapslane traktoren var utstilt med på Agritechnica, veit vi ikkje.

Sekshjuling

Med alle hjul på rekke og rad blir rullemotstanden mykje mindre enn for traktorar med tvillingmontering. Sekshjulingen skal også vere betre i sidehelling enn beltetraktorar ved at denne ikkje så lett sklir sidelengs.

Standard dekkdimensjon er faktisk ikkje større enn 650/65R38. Med det held traktoren seg innanfor maskbreidda som dei fleste dominante land i Europa praktiserer for traktorar langs veg, nemleg 275 cm. Går det greitt å køyre med ein tre meter brei traktor, kan du hive på 800-hjul i staden.

For å utnytte trekkrafta best mogeleg, og samtidig skåne bakken, er traktoren utstyrt med eit trykkluftanlegg som regulerer dekktrykket under køyring.

Svingradiusen overrasker

Styringa på framakslingen er hydromekanisk. Med andre ord har du framleis styring om Rudolf Blodstrupmoen og hans skumle medhjelpar har tusla kringom i reiskapshuset og kappa hydraulikkslangane frå rattet ei mørk og stormfull natt. 

Også bakakslingen har styring, om farten held seg under 30 km/t. Her er styringa reint hydraulisk. Når det går fortare, vert bakakslingen blokkert. I og med at avstanden frå midtakslingen til framakslingen er større enn ditto til bakakslingen, er svingutslaget størst framme. Midtre og bakre aksling blir meir å rekne som ein boggi.

Trass dette er avstanden frå midtre til framre aksling temmeleg kort. Sjølv om svingutslaget er heller moderat, blir faktisk ikkje svingradiusen så reint ille. Det seiest at den skal vere omlag på nivå med ein standard Fendt 936.

Motor frå M.A.N.

Faktisk er ikkje den nominelle effekten høgare enn 500 hk (ECE R24). Fell turtalet litt, yter straks motoren 540 hestekrefter. Dreiemomentet er på massive 2400 Nm frå tomgang til 1400 o/min. 

Fendt TriSix
Fendt TriSix er stor i snuten.

Alt dette kjem ut av ein sekssylindra M.A.N.-motor døypt D2676. Her er det common rail, fire ventilar per sylinder, utvendig eksosresirkulering, tostegs turboladar med kjøling, og eit volum på 12,41 liter. Motoren tilfredsstiller krava i Tier 4. Alle andre traktorar frå Fendt brukar no motorar frå Deutz. Motoren i Trisix er brukt i MAN sine nye lastebilseriar TGX og TGS. At traktoren har eit naseparti voldsomare enn spermkvalen Keiko skuldast det store behovet for kjøling.

I klassen 500 til 750 hk

Om prototypen ikkje er oppgitt til meir enn 500 hk, skal traktorkonstruksjonen vere bygd med tanke på effektar inntil 750 hestekrefter.

Dieseltanken held kanskje til eit dagsverk. 1360 liter er fordelt på dei to store skinkene som ligg over midtre og bakre aksling på begge sider. Tankane er samankopla, og du vel sjølv kva side av traktoren du vil klatre opp for å tanke.

TriSix har to Vario-transmisjonar frå Fendt etter kvarandre, av typen ML 260. Den eine gir krefter til dei to fremste akslingane, den andre overfører effekt til bakarste aksling. Transmisjonen er den same som på Fendt 900 Vario, og betjeninga er lik.

19 tonn i egenvekt

Stussen på Fendt TriSix
Stussen på Fendt Trisix.

Trepunktsløftet bak klarer ikkje heve så enormt mykje større reiskap enn på vanlege stortraktorar. Løftekrafta er avgrensa til 12 tonn. Framme hevar trepunkten 5,5 tonn. Dette er ikkje enorme tal i høve til motoreffekt, eigenvekt og storleik på traktoren elles, men det er vel neppe behov for særleg mykje meir på ein traktor som primært vil bli brukt til slept reiskap.

Eigenvekta er oppgitt til 19 tonn. I fart under 40 km/t har den ti tonn nyttelast. Aukar du farten til 50 km/t, fell tillatt totalvekt til 28 tonn, mens nyttelasta einast er fem tonn om du skal køyre 65 km/t. Vel å merke i land der du får lov å vise deg på vegen med ein slik farkost. Lengda på traktoren er 7,61 meter 

Kjent hytte med fleire skjermar

Førarhytta er den nye X5-hytta som vart presentert i fjor på nye 900-serien, med heil rute på høgresida og eit nytt armlene der absolutt alt av betjening er lagt inn. I originalutgåve har hytta fjøring både framme og bak, men det er ikkje kjent om fjøringa er med på TriSix, der jo trass alt heile traktoren er fullfjøra i utgangspunktet.

Inne i hytta er det to ekstra skjermar. Den eine er kopla til eit kamera som sit i Dieselross-merket framme på nasetippen. Den andre har to kamera bak, eit på kvar hjulskjerm. Dermed skulle du kunne sjå både trepunkt framme og bak, og tilgrensande område, utan å bruke vidvinkelperiskop.

Svanehals eller ekstravekt

Området bak hytta kan brukast til å montere ekstra vekter, til å ta med seg ein spesialbygd plattform eller container, eller til å montere ei svingskive for svanehalstilhengar. Sistnemnde vil gi eit temmeleg høgt koplingspunkt, og har vist seg mindre eigna enn først trudd på traktorar som JCB Fastrac.

Fiffige detaljar

Verktøykassa på Fendt TriSix
Verktøyklasse.

Om traktoren er aldri så høgteknologisk: Rett bak hytta står ein klassisk verktøykasse av den større typen, godt sikra med reim.Tykkjer du det er noko kjent med baklyktene, har du heilt rett. Dei er henta frå siste generasjons VW Passat stasjonsvogn.

Prototypen har det meste av livet vore i austlegare delar av Tyskland og i Tsjekkia. Der er den prøvd ut både på åker og eng, og utprøvingane held fram det komande året. Det vert ikkje sagt noko om når den eventuelt kjem i produksjon.

Høg pris

Fendt TriSix på Agritechnica 2007.

Med ein meir komplisert konstruksjon og meir avansert teknologi reknar Fendt med at TriSix blir dyrare enn tradisjonelle stortraktorar med tilsvarande effekt. Den meirprisen skal kunne vinnast inn mellom anna ved at traktoren høver for transportkøyring, blir det antyda i det tyske bladet Profi. 

Profi er også kjelda for noko av informasjonen vi har nytta i denne artikkelen. Andre kjelder er Fendt, vårt eige kontaktnett og vår eigen kunnskap.

Powered by Labrador CMS