Akershus er nummer to

Akershus var største traktorfylket i landet i 2005, men vart i fjor forbigått av Rogaland. Massey Ferguson er største merke, og A-K maskiner største leverandør.

Publisert

Fylket er eit av få med tilbakegang, men det er snakk om så lite som seks traktorar, eller 1,6 prosent. Med andre ord er streng tatt traktormarknaden i Akershus aldeles uendra.Her har MF gjort det bra. Den raude franske traktoren har spurta forbi dei tre beste frå 2005, Valtra, New Holland og John Deere. Ein auke på 25 prosent i talet registrerte traktorar kan ingen av dei andre store måle seg mot, og einaste merket med større auke i tal traktorar er Claas.New Holland går noko tilbake og John Deere ørlite fram. Verre er det for Valtra, som også her fell kraftig. Finnen har bytt plass med MF. Så mange traktorar tilbake er det berre CaseIH i Akershus, Buskerud og Troms som kan vise til, forutan Valtra sjølv i Hordaland, der merket nesten er borte frå statistikken for 2006. Trass dette er Akershus fylket der Valtra har fått registrert flest traktorar.Som nemnt fell også CaseIH kraftig. Den raude CNH-versjonen er så godt som halvert. Når i tillegg New Holland går tilbake, kan vi seie at 2006 ikkje akkurat var A-K sitt år i Akershus. Likevel er A-K største traktorleverandøren med 26,2 prosent. Påfallande nok framom organisasjonen som sit med det andre taparmerket i fylket, Lantmännen. Nøyaktig kvar fjerde traktor i landets nest største traktorfylke kjem derifrå.Det kan henge saman med at Akershus er det fylket der Claas har levert klart flest traktorar, og dessutan saman med Vestfold fylket med nest høgast marknadsandel, etter Buskerud . Kvar femte Claas i fjor gjekk til registrering i Akershus. I og med at her er mange andre sterke, held likevel ikkje innsatsen til meir enn femteplass.John Deere må ta til takke med nedste trinnet på sigerspallen. Stabil, men for svak til å sikre Felleskjøpet noko betre enn ein fjerdeplass. Eik har nemleg 21,4 prosent av marknaden, mens FK ligg på 17,7.Elles må vi nemne at McCormick er ein del fram, mens Fendt går mykje tilbake. Elles er det små endringar på dei ti største merka.Les meir om traktorregistreringane her:- Østfold" - Oslo"- Hedmark" - Oppland"- Austlandet

"
Powered by Labrador CMS