ole grønvold sjef a-k maskiner 07

A-K skal vere best på kvalitet og kompetanse

Bli flinkare til å ta vare på dei proffe kundane, heve kompetansen og utnytte ressursane i selskapet betre. Det er nokre av måla til A-Ks nye sjef.

Publisert

1. april overtok Ole Grønvold som adm. direktør i A-K maskiner, etter Truls Skalmerud. Skalmerud hadde sjølv ønske om å trappe ned etter seks og eit halvt år i jobben, og sa difor opp jobben i januar. Han held fram å arbeide i A-K ei stund til, med litt rolegare arbeidsdagar, primært for å støtte og overlappe Grønvold.

Interesse: Forretningsdrift Ole Grønvold er 36 år, med ein solid bakgrunn. Han kjem frå bilbransjen, der han mellom anna har vore adm. dir. for Crystler Norge og styrt reorganiseringa av verkstaddrifta til Bertel O. Steen-konsernet. Han kom til A-K 1. desember i fjor, som kjededirektør.

Grønvold er frå eit småbruk på Dokka, omgitt av både korn- og husdyrproduksjon. Han innrømmer likevel at han har meir peiling på forretningsdrift enn på landbruksdrift.

– Ein skilnad frå bilbransjen, er at vi er til for folk som driv næring, som skal tene pengar på utstyret dei kjøper av oss. Det som er likt, er at i begge bransjar er vi avhengige av å drive effektivt og rasjonelt, og på same tid drive slik at kundane kjem tilbake og har tiltru til oss.

Proffare landbruk stiller høge krav Kundane i landbruket blir stadig proffare. Det stiller krav til leverandørane, konstaterer Grønvold.

– Investerer du i ei sprøyte til ein halv million, forventar du at den fungerer heile døgnet heile sesongen. Får du problem, må du få hjelp når du ringjer. Vi skal ha respekt for kunden og vere tilgjengelege, lovar A-Ks nye sjef.

Ambisjonar Grønvold har som mål at selskapet skal halde posisjonen med 22–23 prosent marknadsandel på traktor, men i tillegg skal firmaet vere kjent for kvalitet og kompetanse.

– Produkta våre held god kvalitet i dag. Det som er viktig, er at vi som organisasjon også held høg kvalitet. Når kunden kjem for å handle, skal vi forstå kva han treng og kva som vil løne seg, og by fram det rette. Vi er i gang med ei kraftigare oppdatering av dei tilsette. I mars var alle inne til to dagars produktopplæring på traktor og reiskap. Straks skal vi bli betre på IT-systema våre. Mekanikarane har høg prioritet. A-K skal vere ei kompetansebedrift med ei beste folka.

Butikk og lokalitetarGrønvold konstaterer at marginane i landbruket går nedover. Difor vil A-K vurdere ei sterkare butikksatsing, og også andre sider av drifta. Poenget er å tene pengar over fleire område.

– Alle avdelingar hos oss skal tene pengar. Det er naturleg å vurdere om alle forhandlarane ligg rett plassert i sitt distrikt, og om dei har tenelege lokale. Nokre kjem kanske til å skifte hus, andre kan skifte adresse, om vi finn ut at det vil vere det beste for kundane og for oss.

Fakta om A-K maskinerDen eine av landets fire store traktorimportørar, med New Holland og Case IH som flaggskip. Eigd av Aage Bryn.- I overkant av ein milliard kroner i omsetning.- Ca 370 tilsette i A-K maskiner og dotterselskap - 52 forhandlarar/avdelingar. Av desse er 37 eigde av A-K maskiner.

Powered by Labrador CMS