06 reg vest kart b

Vestlandet er grønt...

... men A-K er størst, Eik nummer to, og FK tredje største traktorleverandør. I alle tre fylke er John Deere største merke, MF på andreplass og New Holland på tredjeplass.   

Publisert

Ser vi på vestlandet under eitt, er talet nyregistrerte traktorar opp 5,2 prosent. I tal traktorar er det ein auke på 42. Omlag halvparten av alle traktorane i landsdelen er registrert i Rogaland. Hordaland og Sogn og Fjordane er omlag like store.Dei tre fylka har til felles kva tre traktormerke som er mest populære. På dei vidare plassane sprikjer smaken til dels mykje.Vinnar John Deere har opplevd motgang. Fire prosentpoeng mindre marknadsandel og 23 færre nyregistrerte i ein veksande marknad ser ikkje veldig offensivt ut. Då står det betre til på dei neste plassane. MF har fått ut 29 fleire nye i 2006 enn dei gjorde i 2005. Dermed kjenner Deere pusten av den raude i nakken. I 2005 var det nesten 10 prosentpoeng skilnad på marknadsandelane for dei to. I 2006 er hjortens forsprang redusert til 3,3 prosentpoeng, samstundes som MF har gått forbi New Holland.Det merket er tilbake ni traktorar, men ser vi på A-K sin situasjon på Vestlandet, er den likevel temmeleg bra. CaseIH er nemleg inne på fjerdeplass, og har auka salet med åtte traktorar. Det betyr at A-K maskiner i dei tre fylka sel meir CaseIH enn den tidlegare salsorganisasjonen klarte siste året sitt, og her har A-K klart det utan at New Holland har stupt.Femte størst på Vestlandet er Valtra, med beskjedne 7,4 prosent. Det er tilbake frå 9,1, berre seks traktorar framom McCormick på sjetteplass. For McCormick er resultatet respektabelt. Det kan ikkje seiast om Valtra.Les også- Traktorstatistikk frå Nord-Norge

- Traktorstatistikk frå Midt-Norge

- Traktorstatistikk frå sørlandet

" - Resultata frå Rogaland" - Resultata frå Hordaland- Resultata frå Sogn og Fjordane

"
Powered by Labrador CMS