Stor dramatikk i Hordaland

John Deere krympar, Valtra er nesten borte, mens New Holland aukar. Hordaland er fylket med størst fall i tal nyregistrerte traktorar.

Publisert

2006 var eit defensivt år i Hordaland. 42 færre traktorar er største fallet i landet. I prosent vert resultatet -15,8. Berre Finnmark går tilbake fleire prosent.Hordaland er midt på treet stort, på niandeplass av dei norske fylka. Talet nyregistrerte traktorar enda på 224, som er like under gjennomsnittet.Merkestatistikken i Hordaland er eit virrvarr av piler opp og ned. John Deere er merket med nest største fall. Frå 71 til 55 traktorar, ein reduksjon på 16. Det er berre så vidt at førsteplassen bergar, for berre fem traktorar skil topp tre. Fallet fører også Felleskjøpet frå første- til tredjeplass på lista over forhandlarane.Massey Ferguson står nærast stille. Tilbake tre traktorar er ikkje mykje å snakke om i denne samanhengen. Også Fendt står omlag i ro, med ein i pluss. Med dette klarer Eik å sikre andreplassen.Større oppsikt bør hordalandske A-K maskiner vekke. På same tid som organisasjonen klarer identisk resultat på CaseIH i høve til førre år, evnar dei å levere ut 11 fleire New Holland-traktorar. Det betyr at A-K doblar marknadsandelen sin i Hordaland frå 14,7 i 2005 til 28,1 i 2006.I Hordaland har McCormick fjerdeplassen, etter ein god framgang. Ved å auke frå 16 til 26 traktorar er McCormick midt mellom New Holland og CaseIH. Halvparten så stor som førstnemnde, dobbelt så stor som erkerivalen.Så kjem vi til det verkeleg store fallet. Valtra går frå fjerde- til sjuandeplass, og er redusert frå 37 til fem traktorar. Det er ein meir enn Landini, om du treng noko å samanlikne med. Vi har ikkje undersøkt grunnen til dette, men vil tippe at LMB neppe er nøgde. Kombinert med totalt to Claas-traktorar er Hordaland langt frå å vere LMB-land.Les om heile Vestlandet her" Les om Sogn og Fjordane her" Les om Rogaland her

"
Powered by Labrador CMS