Rogaland til topps

Rogaland er landets største traktorfylke, etter ein voldsom framgang. Fire merke har hatt fest, mens eit merke ikkje er med på moroa.

Publisert

I fjor passerte Rogaland både Oppland og Akershus, og enda opp som det fylket i landet med flest nyregistrerte traktorar. Mens dei to andre har ein ørliten nedgang, har Rogaland solid vekst. Så godt som 20 prosent auke er mykje. Ingen andre aukar med så mange traktorar, og sluttsummen blir 418 traktorar.Framgangen kan tilskrivast MF, Valtra, CaseIH og Fendt. Berre eitt merke har ikkje hatt vekst eller stått omlag stille: John Deere. Hjorten er tilbake så mykje som 23 traktorar, og taper over ti prosent marknadsandel. I 2005 var kvar tredje traktor i Rogaland ein Deere. I 2006 er det litt meir enn kvar femte. Dette snur også aldeles opp ned på rangeringa av dei tre største forhandlarkjedene, der FK ryk frå toppen av pallen til nedste trinn.Massey Ferguson har klart størst auke i Rogaland. Heile 29 fleire raude traktorar har Eikefolket skrudd nye skilt på. Dermed klatrar MF også i Rogaland forbi New Holland. Når i tillegg Fendt kjem med ti fleire enn i -05, er den totale veksten hos Eik temmeleg bra. Berre 0,5 prosentpoeng skil kjeda frå A-Ks førsteplass som største forhandlar.A-K har også hatt eit godt år. Rett nok har ikkje New Holland tatt del i veksten, men ein reduksjon på ein traktor er i praksis ingenting å bry seg med. På same tid har A-K overtatt CaseIH, og dobla talet nye raude CNH-traktorar frå situasjonen i 2005.Valtra har også god framgang. Pluss 17 traktorar sikrar fjerdeplassen. LMBs andre merke, Claas, gjer det ikkje så bra i sitt første år: Totalt fem nyregistrerte.Deutz-Fahr er tilbake ein traktor, og er blitt forbigått av både CaseIH og Valtra. Deutz-Fahr deler sjetteplassen med Fendt. Rogaland er av dei betre fylka for den lysegrøne tyskaren.Like bak følgjer McCormick, i importør Aase Maskins heimfylke.Les om heile Vestlandet her" Les om Hordaland her" Les om Sogn og Fjordane her

"
Powered by Labrador CMS