MF så vidt forbi JD i Møre og Romsdal

Massey Ferguson har auka salet med nesten 50 prosent i Møre og Romsdal, og nok til å slå John Deere med to traktorar.

Publisert

I Møre og Romsdal er det tre merke som gjeld: MF, John Deere og New Holland. Dei deler nesten tre fjerdedelar av marknaden.

Eiksentera i fylket har levert ein ekstra ny MF kvar andre veke i 2006 i høve til 2005. Felleskjøpet og John Deere vart slått på målstreken, og bryt med det opp det elles grøne kartet for landsdelen.

John Deere har levert tre fleire traktorar enn i 2005, men det er for lite til å følgje auken elles i fylket. Totalt 71 gul-grøne er likevel nok til ein respektabel andreplass, godt framom New Holland. Den blå har nesten ikkje endra marknadsandelen, men tar sin del av veksten i fylket.Fjerde største merke er faktisk Fendt, etter at Eik nærast tredobla salet av tyskaren sin siste år. Dermed er Fendt framom Valtra, som er tilbake like mange traktorar som Fendt er fram.Case IH går enda meir tilbake. Merket er redusert til ein tredel av kva det var, og endar på sjetteplass på lista. Dei fire siste hadde null eller ein traktor inne i 2005. Dei har fin framgang til seg å vere, utan å forstyrre dei store nemnande.Claas har ein forsiktig start med seks traktorar og ein heller moderat marknadsandel. JCB fekk forhandlar på Sunnmøre i fjor, og kan notere seg tre traktorar på tiandeplassen.I kampen mellom aktørane er mykje kasta om. A-Ks to samla merke taper terreng, og selskapet får ikkje meir enn tredjeplass. Derifrå er det ein liten stubb opp til FK på andre. Med framgang på begge merke markerer Eik seg som fylkets største traktorleverandør. Selskapet går forbi dei to andre, og har totalt 35 prosent marknadsandel.Totalt vart det registrert traktorar av 12 merke her i 2006. Med 263 nyregistrerte traktorar er fylket nummer sju i landet. Framgangen er over landssnittet.Les traktorstatistikken frå Sør-Trøndelag her" Les traktorstatistikken frå Nord-Trøndelag her Les traktorstatistikken frå Midt-Norge her

"
Powered by Labrador CMS