LMB eig Troms

Troms er heller ingen traktorgigant, med tredje lågaste registreringstal. Her er totalsummen stabil dei to siste åra. Derimot er det store svingningar på kven traktorane kjem frå.

Publisert

Mens CaseIH var soleklar vinnar i 2005, er merket på sjuandeplass med berre fem traktorar i 2006. Det er like mange som New Holland. Faktisk er CaseIH pluss New Holland i fjor ein traktor dårlegare enn New Holland åleine førre år. Det betyr at LMB-forhandlarane i Troms har tatt med seg alle kundane vidare, og vel så det. Dei to LMB-merka har nemleg over 36 prosent marknadsandel i Troms, og det er meir enn FK og Eik har til saman. A-K er kort og godt fullstendig parkert.MF har også tapt terreng i Troms, med ein tilbakegang på ni. Dermed fell merket frå andre til tredjeplass, forbigått av JD. Valtra har hoppa frå tredje til førsteplass. Zetor, som har auka med 1100 prosent frå ein til 11, er større enn CNH. Claas er på femteplass med 10 traktorar og nær åtte prosent marknadsandel.Troms er eit godt JCB-fylke. Fire traktorar er like mykje som på heimebane i Østfold, og ingen andre fylke er betre.Les traktorstatistikken for Nordnorge og Finnmark her Les traktorstatistikken for Nordland her

"
Powered by Labrador CMS