kjetting på traktorhjul trygg fast-trac 07

Kjetting?

Etter lova skal du ha med tre kjettingar i traktoren frå 1. november til måndag etter påske, og to til om du køyrer med tilhengar. Det gjeld same kva føre du køyrer på, så sant du er på offentleg veg.

Publisert

Den noko absurde regelen er tatt fram som ein konsekvens av alle utanlandske vogntoga som kvar vinter skaper trøbbel på norsk vinterføre. Lovgivar har sett seg ned og laga ein generell regel for "motorvogn med tillatt totalvekt over 3500 kg", men gløymt at det også vil gjelde traktor.Ein trafikkskule i Finnsnes fekk nyleg tilsendt eit rundskriv frå trafikkstasjonen i distriktet, der regelen for å ta med kjetting blir framheva.Trafikkskulen trudde, som alle andre, at regelen var meint å gjelde lastebilar og ikkje traktorar, men les du lovteksten bokstav for bokstav, gjeld den altså alle motorvogner med tillatt totalvekt over 3,5 tonn.Slik regelen står i Forskrift om bruk av kjøretøy, § 1.4.2, er det ingen unntak for traktor. " Av dagens landbrukstraktorar er det ingen som har totalvekt under 3500 kg. Det næraste vi kjem, er 35-hestaren Belarus 320, som har nøyaktig 3500 kg som høgaste lovlege vekt, pluss nokre svært få sveitsiske og italienske småtraktorar. Salet av desse er nær null.Det må nemnast at det er stor skilnad på ein traktor som startar turen heime på tunet kvar gong, som berre køyrer småturar i nærmiljøet, og ein tsjekkisk lastebil på veg mot Båtsfjordfjellet.Bondelagets medarbeidar som jobbar med trafikkreglar tar opp denne truleg utilsikta konsekvensen av forskrifta med Vegdirektoratet. Så får vi vente og sjå om regelpraktiseringa ligg i dvale ut vinteren, og håpe på ei fornuftig endring før 1. november.

Powered by Labrador CMS