Kamp om andreplassen i Nord-Trøndelag

Trøndelagsfylka er sterke samvirkebastionar, og John Deere vinn også Nord-Trøndelag. Derimot er det kamp om andreplassen, som i 2006 gjekk til MF. New Holland fekk tredjeplass i bytte.

Publisert

Sjølv med topplassen på sigerspallen, taper John Deere marknadsandelar. Merket klarer heller ikkje å få selt så mange traktorar som før, trass stigande totalmarknad.Massey Ferguson har størst framgang, med 16 fleire nyregistrerte. Også New Holland held koken, og klarer åtte fleire i 2006 enn i 2005. Endeleg har Valtra eit lyspunkt, etter nedgang i dei to andre fylka vi ser på denne gongen. I Nord-Trøndelag kjem Valtra med ti fleire enn året før. Dermed blir talet 52. Det er like mange som New Holland sikra seg andreplass på fylkeslista med i 05.CaseIH går berre ein traktor tilbake frå 2005 til 2006, og står stødig på femteplass. Merket har fått registrert dobbelt så mange som Claas. Den nye tysk-franske guten i klassen ligg på under halve registreringstalet av CaseIH. Det er like mange som Zetor.Les traktorstatistikken frå Sør-Trøndelag her" Les traktorstatistikken frå Møre og Romsdal her Les traktorstatistikken frå Midt-Norge her

"
Powered by Labrador CMS