John Deere styrkar seg i Sør-Trøndelag

Pluss 20 for Deere, og Claas er inne med 13. Bortsett frå desse er det stort sett stillstand eller tilbakegang, men fylket under eitt er så vidt fram.

Publisert

Hjorten har sterk posisjon i Sør-Trøndelag, og Felleskjøpet er svært nær A-K maskiner. Når i tillegg JD veks godt, mens New Holland går tilbake, er det ikkje gitt at A-K held fram som største aktør på traktormarknaden i fylket. Også Case IH, som her har femteplass, gjer det svakare i 2006 enn i 2005, sjølv om tilbakegangen er mindre enn i landet under eitt.Massey Ferguson står bom stille på tredjeplassen sin, med 64 traktorar kvart av dei to siste åra. Deretter følgjer Valtra, men finnen er slett ikkje roleg. Her går det utforbakke, med 15 færre nyregistrerte enn i 2005. Her har LMB direktesal av Valtra, utan at vi har gått i detalj for å analysere hendingane.Claas startar rolegare enn i resten av landet i Sør-Trøndelag. Sjetteplass er ikkje så ille, sjølv om prosenten av marknaden er moderat.Merka frå sjuandeplass og nedover har auka med to til fire traktorar siste året. Ikkje store konsekvensane av det, akkurat.Fylket under eitt er fram ni traktorar og 2,6 prosent. Sør-Trøndelag er fjerde størst i landet, med 350 nyregistrerte i 2006. Plasseringa er som i 2005.Les traktorstatistikken frå Nord-Trøndelag her" Les traktorstatistikken frå Møre og Romsdal her"Les traktorstatistikken frå Midt-Norge her

"
Powered by Labrador CMS