Deere fram, New Holland bak

Sogn og Fjordane er einaste vestlandsfylke der John Deere går fram, og der New Holland stuper. Dette er også einaste fylket i vest med FK oppe på andreplass.

Publisert

Sogn og Fjordane er tiande største traktorfylket i landet. Totalt vart her registrert 215 nye traktorar i 2006. Det er 15 fleire enn i 2005. Fylket er faktisk det i landet som ligg nærast den gjennomsnittlege auken i talet registreringar på landsbasis: Fjordafylket var opp 7,5 prosent, mens den nasjonale auken var 8,6.John Deere fekk registrert heile 40 prosent fleire nye i fjor enn førre året. Dermed går merket frå å ligge under landsgjennomsnittet, til å kome over. Med dette hoppar merket frå tredje- til førsteplass.Også Massey Ferguson aukar, men her er det snakk om tre traktorar mot John Deeres 16. Marknadsandelen endrar seg null prosentpoeng.New Holland var nummer ein i 2005. No er merket nummer tre, etter eit solid fall. Faktisk er det berre så vidt at CaseIH klarer å erstatte bortfallet av New Holland. A-K er nemleg opp fire traktorar frå då dei hadde eitt merke. Likevel er dei største leverandøren, knapt halvanna prosentpoeng framom Felleskjøpet.Claas er inne på topp ti i Sogn og Fjordane, som einaste vestlandsfylke. Marknadsandelen er 4,7 prosent.Elles er det lite dramatikk på lista.Les om heile Vestlandet herLes om Hordaland herLes om Rogaland her

Powered by Labrador CMS