06midt

Daudt løp i Midt-Norge

Frå å ligge på klar første, andre og tredjeplass i 2005, er no A-K, Eik og Felleskjøpet 0,2 prosentpoeng frå kvarandre. John Deere vart slått av MF i Møre og Romsdal.

Publisert

I Midt-Norge er det framgang i traktorregistreringane i alle fylke. Slik vi har delt inn landet, er landsdelen den nest største bak Austlandet, med 922 traktorar fordelt på tre fylke.A-K hadde teten i landsdelen i 2005. Med stor tilbakegang i dei to sørlegaste fylka vart CNH-distributøren tatt att av dei to andre store. Felleskjøpet med John Deere held stabil fart, utan store endringar. Talet traktorar er noko fram, men ikkje like mykje som den totale framgangen i marknaden. Derimot har Eik fått fyr under dampkjelen. Med MF som lokomotiv og Fendt som ekstra trekkraft er Eik fram nesten like mykje som A-K er tilbake. Dermed har vi tre leverandørar med 25,7 til 25,9 prosent marknadsandel kvar.Det kallar vi daudt løp.Les traktorstatistikken frå Møre og Romsdal her" Les traktorstatistikken frå Sør-Trøndelag her"Les traktorstatistikken frå Nord-Trøndelag her" Førre veke: Nord-Norge Neste gong: Vestlandet

"
Powered by Labrador CMS